Det er vanlegvis ikkje nødvendig med spesielle førebuingar før stansebiopsi. Barn som skal ta stansebiopsi, kan få forbehandling med bedøvande krem (Emla) 1 time før prosedyren.
Hudbiopsi
Ved hudbiopsi blir det teke ein liten vevsprøve frå huda. Prøve blir send til nærmaste patologilaboratorium for mikroskopisk undersøking.
Ved stansebiopsi fjernar vi ein liten del av huda ved bruk av ein liten (2 – 8 mm) og rund kniv. Stansebiopsi er aktuelt som ledd i utgreiing av ulike hudsjukdommar, både hudsvulstar, hudkreft og forskjellige utslett.
Før
Under
Etter
Ver merksam
Det er sjeldan komplikasjonar etter stansebiopsi, men hudinfeksjon kan førekomme. Dersom huda omkring biopsistaden blir raud, varm, hoven og smertefull i dagane etter prøven, må du kontakte lege, anten legen som har teke prøven, eller fastlege/legevakt.
Kontakt
Hudbygget
Hudavdelinga
Hudbygget
Hudavdelinga
Kontakt Hudavdelinga
Oppmøtestad
Du finn oss i Hudbygget på Haukeland universitetssjukehus.Hudbygget
Jonas Lies vei 73