Det er vanlegvis ikkje nødvendig med spesielle førebuingar før stansebiopsi. Barn som skal ta stansebiopsi får forbehandling med bedøvande krem (Emla) 1 time før prosedyren. Om du tidlegare har reagert på lokalbedøving/tannlegebedøving, må du melde frå til oss om det på førehand.
Hudbiopsi – barn og unge
Ved hudbiopsi blir ein lita vevsprøve tatt frå huda. Prøva blir send til næraste patologilaboratorium for mikroskopisk undersøking, eller til medisinsk genetikk for genetiske analysar.
Ved stansebiopsi fjernar vi ein liten del av huda ved bruk av ein liten (2–4 mm), rund kniv. Stansebiopsi er aktuelt som ledd i utgreiing av ulike hudsjukdommar og hudsvulstar, eller som ledd i genetisk utgreiing.
Før
Under
Etter
Ver merksam
Det er sjeldan med komplikasjonar etter stansebiopsi, men hudinfeksjon kan førekomme. Dersom huda omkring biopsistaden blir raud, varm, hoven og smertefull i dagane etter prøva må du kontakte lege, enten legen som har tatt prøva eller fastlege/legevakt.
Kontakt
Glasblokkene
Barne- og ungdomsklinikken
Oppmøtestad
Hovudresepsjonen i Glasblokkene 5-8 i 1. etasje, er open alle kvardagar frå 07.00- 21.00, og frå 08.00-21.00 i helg/heilagdagar.
Skal ditt barn ta blodprøvar, skjer dette i Blokk 6 i 1. etasje
(opningstid måndag-fredag kl. 08.00-15.30).

Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen