Behandling
Hudsvulst, operasjon
I samband med undersøking og behandling på sjukehuset kan det vere aktuelt å fjerne eller ta prøver av svulstar eller utslett. Det skjer ved ein liten operasjon der eit hudområde blir fjerna. Fjerning av mindre hudforandringar går raskt og påverkar vanlegvis ikkje evna til å bevege seg vanleg eller køyre bil etterpå.
Før
Dersom du har fått beskjed om at vi skal gjere eit kirurgisk inngrep i samband med konsultasjonen på sjukehuset, bør du vanlegvis slutte med blodtynnande medisin to dagar før. Viss du er i tvil ber vi om at du tar kontakt med sjukehuset eller fastlegen for rådgjeving.
Under
Huda blir bedøvd med lokalbedøving med ei sprøyte, og du vil da kjenne stikk og litt svie i huda. Bedøvinga verkar raskt og varer vanlegvis i 1-2 timar.
Sjølve inngrepet er avhengig av kva som skal fjernast.
Etter
Plasteret på såret kan oftast ligge på til eventuelle sting skal fjernast. Dersom plasteret blir gjennomtrekt av blod etter kort tid, tilrår vi at du skifter plaster heime. Du vil få råd om kva type plaster du kan kjøpe.
Etter behandlinga kan du kjenne litt ømheit i huda. Viss du treng smertestillande medisin tilrår vi bruk av paracetamol (t.d. Paracet, Panodil) 500-1000 mg inntil 4 gongar det første døgnet. Du bør ikkje bruke acetylsalicylsyre (t.d. Albyl, Dispril) fordi dette kan auke fara for bløding frå såret.
Du bør unngå fysisk aktivitet som fører til slag mot såret eller stor strekk av huda dei første 1-2 vekene.
Det er viktig å hugse at alle kirurgiske inngrep i huda etterlet arr.
Ver merksam
Smerter i dagane etter operasjonen kan være teikn på infeksjon. Slik infeksjon skuldas oftast hudbakteriar og er vanlegvis grei å behandle. Ved teikn på infeksjon bør du ta kontakt med hudpoliklinikken eller legevakt.
Teikn på infeksjon er:
- Bankande verk i såret
- Raud og hoven hud rundt kanten av såret eller rundt stinga
- Gul verk som flyt ut av såropninga eller rundt stinga
Kontakt
Hudbygget
Hudavdelinga
Oppmøtestad
Du finn oss i Hudbygget på Haukeland universitetssjukehus.Hudbygget
Jonas Lies vei 73
Voss sjukehus
Sjukehusvegen 16
5704 Voss