Kjeveanomali
Ortognatisk kirurgi er ei behandlingsform som brukast for å endre kjevane sin vinkling og/eller plassering, for eksempel ved over- eller underbit der tannregulering aleine ikkje vil gje optimalt resultat. Forflytting eller endring av kjevane sin posisjon vil kunne gje betre bite- og tyggefunksjon, men vil også kunne påverke utsjående og luftvegar. Tannregulering er som regel nødvendig både før og etter operasjonen.
Avvik i bitt
Ulike former for avvik i bit er svært vanleg, og bortimot ein tredjedel av alle barn i Noreg blir behandla med tannregulering grunna avvik i tannstillinga.
Nokre avvik skyldast ikkje bare tannstillinga: Kjevane kan ha ulik størrelse, og relasjonane til andre deler av ansiktet kan være ugunstige. Dette vil kunne gje nedsatt bite- og tyggefunksjon, og hos nokre kan det være skjemmande reint utsjåendemessig. Slike feil i kjevestilling er ofte arvelege, men kan også skyldast forstyrringar i vekst etter skade, ved barneleddgikt eller ved leppe-kjeve-ganespalte. Slike feil i kjevestilling kan vera vanskelege å behandle optimalt med regulering aleine, og ein operasjon på kjevane kan da være aktuelt.
Behandlinga er alltid eit samarbeid mellom reguleringstannlege (kjeveortoped) og kjevekirurg (oralkirurg eller maxillofacialkirurg) på sjukehus. For at kjevane skal passe saman etter operasjonen blir tennene regulert på førehand, men det er ofte behov for litt korrigeringar også etter operasjona. Tannreguleringa skjer utanfor sjukehus, men du blir innlagt i forbindelse med operasjonen.
Tilvising og vurdering
Tilvisninga kjem som regel fra eigen reguleringstannlege (kjeveortoped) eller i noken tilfelle frå allmennpraktiserande tannlege eller lege. Dei ulike helseforetakane organiserer utgreinga litt ulikt, og ventetidene for utgreiing er varierande.
I følge prioriteringsveiledaren for spesialisthelsetjenesta skal behandling normalt vera starta innan eit år.
Utredning
Du vil bli undersøkt av både koordinerande kjeveortoped og kirurg ved sjukehuset, men ikkje nødvendigvis samtidig eller ved same konsultasjon. Det blir tatt røntgenbilete og foto, og avtrykk av tenner og kjever. Dette blir analysert og sett saman med med kliniske funn og opplysningar. Din faste kjeveortoped vil få informasjon og vil starte behandlinga med tannregulering.
Frå undersøking til avgjerd om behandling tar det normalt 1-3 månader. Da kan eigen kjeveortoped begynne med tannregulering, som gjerne tar eit års tid før operasjon kan utførast.
Behandling
Under opersjonen vil vi løsne og flytte kjevane eller delar av kjevane. Man kan operere over- eller underkjeve eller begge kjevar samtidig, avhengig av kva man ønsker å korrigere. Når den planlagde forflyttinga er gjort blir som regel kjevane festa med små plater og skruar. Disse vil man normalt verken kunne sjå eller kjenne etter operasjonen. I nokre tilfellar velger man å låse kjevane mens kjeven gror, og sikrar på den måten at posisjonen blir korrekt. Ved nokre operasjonar legg man små snitt i hunden i ansiktet for å komme til, men for det meste opererar man frå innsida av munnen.
Du vil normalt vera innlagt på sjukehuset i 1-3 døgn etter operasjonen, avhengig av kva type operasjon som er utført og korleis forløpet har vore.
Sjølve operasjonen tar normalt mellom ein og tre timar. Ved store inngrep og vanskelege forhold kan det gå lengre tid, og motsatt ved mindre operasjonar. I tillegg går det tid i forbindelse med narkose, oppdekking, vekking osv.
Oppfølging
Etter operasjonen vil du vera hoven og ha nokre smerter. Dette er som regel ganske raskt forbigåande, men avheng av kor omfattande operasjonen har vore. Du vil sannsynlegvis ha behov for smertestillande tablettar etter utskriving frå sjukehus.
Det er viktig at du ikkje belastar kjeven, og holdar deg til myk mat i den nærmeste tida etter operasjonen.
Pasientar som får kjevelås må alltid ha ei saks tilgjengeleg for å kunne klippe opp låsen i nødsfall. Denne får du saman med nødvendig informasjon på sjukehuset.
Operasjonar i overkjeven kan gje kraftige neseblødingar rett etter operasjonen. Dette er ubehageleg, men sjelden noke stort problem. For bestemte typar underkjeveoperasjonar kan det vera risiko for nedsett følelse i leppa etter operasjon.
Etter utskriving går du til kontrollar hos eigen kjeveortoped eller ved sjukehusavdelinga. Her passer man på at bitet er stabilt og undersøker for mogelege senkomplikasjonar som infeksjonar og løsing av kjevelås og/eller skruar. Som regel er det veldig få slike komplikasjonar etter ortognatisk kirurgi, men du bør ta kontakt med behandlar ved plutselege bittforandringar eller aukande smerte og hevelse etter utskriving.
Her er meir informasjon
Til deg som er operert i kjeven
Til deg som blir behandla med samanlåste kjevar
Kontakt
Sentralblokka
Kjevekirurgisk avdeling
Oppmøtestad
Kjevekirurgisk poliklinikk:
Sentralblokka, 2. etasje nord - ventesone D7
Sengepost:
Sentralblokka, Kjevekirurgisk / Hode Hals Øye - 5.etasje nord
Kjevekirurgisk poliklinikk - barn og unge (0-18 år): Glasblokka, Blokk 7, 1.etasje - ventesone C14
Barnekirurgisk sengepost - barn og unge (0-18 år): Glasblokka, Blokk 6, Kjevekirurgisk - 3.etasje
Barnekirurgisk poliklinikk - barn og unge (0-18 år): Glasblokka, Blokk 6, U1 - ventesone B 14. Pre-kirurgisk mottak
Tannbehandling i narkose, barn og vaksne:
Glasblokka, Blokk 6, U1 - ventesone B14
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen