Behandling

Kjeveleddsartroskopi ved kjevesperre

Kjevesperre kjem enten smygande eller oppstår plutseleg. Ein kan ha opplevd ein eller fleire periodar med klikking / knepping frå menisken i kjeveleddet.Tilstanden hindrar normal bevegelse av leddet, og ein opplever smerter og problem med å gape.

Går ein lenge med symptom, kan ein også oppleve smerte ved kvile. Problem med gapeevna kan bety at menisken i kjeveleddet har forflytta seg, og det kan vere samanveksingar i leddet.

Artroskopi

Artroskopi er kikholskirurgi der ein går inn gjennom huda og inn i leddet med ei lita hylse. Slik kan ein skylje med sterilt saltvatn, og få løyst eventuelle samanveksingar mekanisk.


Tilvising og vurdering

Du må ha tilvising frå eigen tannlege eller fastlege.


Før

Undersøkingar

Ved første besøk i poliklinikken utfører ein oralkirurg undersøking av kjeven, ledd og kjevemusklar. Det blir tatt eit digitalt panoramarøntgen av tenner og begge kjeveledd. Behandlinga kan vere samansett.

  • Ved behov kan ein sette bedøving i leddet, både for smertelindring og diagnostikk.
  • Ofte er kjevemusklane svært ømme og treng ei avlasting. Ei bittskinne kan framstillast hos eigen tannlege, og må brukast regelmessig i eit par månadar før kjevemusklane roar seg.
  • Du må gjere trenings- og avspenningsøvingar fleire gonger for dagen over ei viss tid for å hjelpe mot stram og øm muskulatur. Du får utlevert eit skriv med eigne øvingar som du kan utføre heime.
  • Tilvising til MRI-undersøking (magnetisk resonans imaging) eller CT-undersøking (computer tomografi) av kjeveledd blir rekvirert ved indikasjon. Du vil bli kalt inn til ny time i poliklinikk når svaret på undersøkingane er klare.
  • Ved vedvarande problem med kjevesperre og smerter, og på bakgrunn av tidlegare undersøking og funn i MR eller CT, kan det bli aktuelt å planlegge operasjon.

Førebuingar til operasjon

Du må møte fastande til operasjon. Det betyr at du ikkje kan ete, drikke, snuse eller røykje frå kl. 24.00 dagen før operasjonen. Ikkje ta på deg øyrepynt, sminke eller feite ansiktskremar.

Kirurgen vil informere deg om inngrepet, og det blir gitt smertestillande- og beroligande legemiddel.

På operasjonsstova vil ein bruke litt tid på førebuingar. Det kan vere nødvendig å barbere vekk litt hår rundt øyret. Øyret og delar av ansiktet og halsen blir vaska med desinfiserande middel. Til slutt blir du dekka til med ein steril dekning.


Under

Operasjon

Under operasjonen vil kirurgen først sette lokalbedøving i huda, og deretter i leddet. Ein brukar kiruriske instrument, og pasienten blir bedt om å opne og lukke munnen undervegs. Blir det tungt å gape lenge, kan ein få bite på ein bitekloss av gummi for avlasting.

Øyret ligg rett ved kjeveleddet, så det er normalt om du høyrer små kneppe- og knaselydar. Etter operasjonen får du eit sting i huda, ein liten teip over såret og deretter bandasje.

Etter operasjonen

Når operasjonen er over får pasienten kvile på eit rom. Kirurgen og sjukepleiar gir informasjon om vidare forløp. Du får resept på smertestillande legemiddel og instruksjon i bruk av desse.

På grunn av beroligande legemiddel som er gitt, ønskar vi at du har med deg nokon som kan følge deg heim etter operasjonen.

Like etter operasjonen kan det kome litt hevelse på framsida av øyret som påverkar ansiktsnerva i området. Dette vil gå over i løpet av dagen. Hevelse utover dette vil skje, og då gjerne med ein topp den tredje dagen. Deretter vil hevelsen avta.

Det kan sive noke blodvæske frå såret når bedøvinga går ut. Du kan då legge litt forsiktig press på såret, og det vil gi seg etter ei stund. Hald såret tørt i tre dagar. Bandasjen kan du fjerne ved heimkomst, men la teipen over såret sitte på lengst mogleg.

Etter

Ei veke etter operasjonen skal du møte i poliklinikken for å fjerne teip og sting, samt få instruksjon i trening av kjeven. Etter ei veke skal muskeløvingar startast opp på nytt. Om du har ei bittskinne kan denne brukast direkte etter operasjonen.

Vidare planleggast kontrollar etter ein og tre månadar, og etter seks månadar skal ein gjere ei vurdering av behandlinga.

Øvelsesprogram for kjeveledd og tyggemuskulatur (PDF)

Kontakt

Sentralblokka Kjevekirurgisk poliklinikk

Kontakt Kjevekirurgisk poliklinikk

Oppmøtestad

Kjevekirurgisk poliklinikk:
Sentralblokka , 2.etasje  nord - ventesone D7

Sengepost:
Sentralblokka, Kjevekirurgisk / Hode Hals Øye - 5.etasje nord

Tannbehandling i narkose, barn og vaksne:
Glassblokkene, Blokk 6, U1 - ventesone B14

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.