Undersøkinga
Du vil få spørsmål om korleis tilstanden har utvikla seg. Legen vil undersøkje deg og eventuelt ta blodprøver, ultralyd eller CT for å vurdere om det er nødvendig med operasjon.
Ved operasjon
Operasjon for abscess går ofte føre seg i lokalbedøving. Dersom operasjonen er meir omfattande, eller på veldig smertefulle område, kan narkose vere nødvendig. Før operasjon med narkose må du faste.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsetje timen.
Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhald og magesyre.
Fram til 2 timar før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker fram til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.
- Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timar før
- Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timar før
- Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.
Strengare reglar kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Medisinar
Ta med alle dei faste medisinane dine på operasjonsdagen. Du får beskjed av legen om kva du kan ta, og kva du ikkje bør ta. Bruker du Marevan eller annan blodfortynnande medisin må du kontakte fastlegen to veker før operasjonen for å avtale eventuell nedtrapping. Dersom du blir innlagd på sjukehuset, vil du få det du eventuelt bruker av faste medisinar frå avdelinga. Det kan vere lurt å ha ei liste over dei medisinane (namn, dose, tidspunkt osb.) du bruker, anten på ein lapp i lommeboka eller på mobiltelefonen.
Hygiene
For å redusere infeksjonsfaren er det viktig at du dusjar same morgon som du møter til planlagd kirurgi. Unngå å bruke bodylotion og ikkje ha på deg naglelakk. Du bør heller ikkje ha på deg smykke/piercing eller klokke.
Dersom du er forkjøla eller har vorte sjuk av andre grunnar når avtalen nærmar seg, må du gi beskjed. Dette gjeld særleg dersom operasjonen skal skjer i narkose.