Når behandlingstida er over, vil det i den første tida vere ubehageleg for barnet å ha beina i horisontal posisjon. Dette kjem av strekk i hofta. Beina blir derfor gradvis tatte ned til horisontal posisjon gjennom fleire nivå. Barnet kan den første tida kjenne seg svimmel, uvel og kvalm når det blir tatt frå liggande til sittande posisjon.
Barnet blir mobilisert vidare etter ønske og evne, utan restriksjonar. Det er stor variasjon i tida det tar før barnet er tilbake til same funksjon som før skaden. Det gjeld både å krype, stå og gå. Ikkje press, legg til rette for at barnet kan vere aktivt, la det leike på golvet så vil framgangen komme gradvis.
Kontroll
Barnet blir kalla inn til kontroll med røntgen etter cirka 4 veker, og vidare til vi kan sjå tilstrekkeleg tilheling, og igjen 12 månader etter at skaden oppstod.