Undersøking
Mage-tarm utredning, undersøkelse hos gastroenterolog
Gastroenterologi er læra om sjukdommar i magen og fordøyingskanalen. Dette omfattar sjukdomsteikn og/eller sjukdommar i matrøyret, magesekken, tolvfingertarmen, tynntarmen, tjukktarmen, endetarmen, levra, gallevegane og bukspyttkjertelen. Sjukdommar kan vere sår, betennelsar, syreplager, svulstar, gallestein og sirkulasjonsforstyrringar.
Tilvising og vurdering
Det er fastlegen som tilviser til mage-tarm-utgreiing og undersøking hos gastroenterolog.
Som oftast vil fastlegane kunne gjennomføre mykje av utgreiinga for magerelaterte plager. Både gjennomgang av sjukehistoria, alminneleg kroppsundersøking, laboratorieundersøkingar og bildediagnostikk kan bli utført eller bestilt frå fastlegekontoret.
Ventetid for utgreiing av uspesifikke mage-tarm-plager vil variere mykje. Alarmsymptom som alvorleg vekttap, jernmangel med anemi, mykje smerter eller nyoppstått forstopping / kronisk diaré vil få ein prioritet på 4–6 veker. Ved fråvær av alarmsymptom vil ei utgreiing normalt ikkje få prioritet.
Før
Det er viktig å kartlegge kva type plager du har, starttidspunkt og intensitet for plagene, når du opplever at symptoma kjem, osv. Det er også viktig med informasjon om forsøk på behandling og andre relevante opplysningar som kan belyse plagene dine og finne fram til rett diagnose og behandling.
Tenk gjennom desse forholda før du møter legen. Dette gjer det enklare for deg å svare på spørsmål, og du kan gi meir nøyaktige opplysningar.
Under
Du vil først få ein innleiande time hos lege på poliklinikk. Her vil vi gå gjennom sjukehistoria på nytt med vekt på tidlegare sjukehistorie, symptom og klinisk undersøking. Vi vil også gå gjennom av ernæringstilstand: vekt, høgde, BMI, og ev. vekttap.
Generelt vil følgande undersøkingar vere aktuelle:
- Supplerande blodprøver der dei ikkje føreligg frå tilvisande lege.
- Gastroskopi med vevsprøver frå tolvfingertarmen og ev. magesekken.
- Koloskopi med vevsprøver frå tynntarm og tjukktarm.
- Supplerande biletdiagnostikk (ultralyd, CT eller MR) der det er relevant.
Etter
Kva oppfølging ein får etter mage-tarm-utgreiing og undersøking hos gastroenterolog, vil vere avhengig av funn. Ofte vil dette vere eit samarbeid mellom spesialistpoliklinikk og fastlege.
Kontakt
Sentralblokka
Medisinsk poliklinikk og dageining
Kontakt Medisinsk poliklinikk og dageining
Oppmøtestad
Ekspedisjonen, Medisinsk poliklinikk, 2. et., Sentralblokka.Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen