Ved første konsultasjon blir du nøye undersøkt av augelege, det blir gjort nokre målingar og tatt nokre bilde. Dersom du ønsker operasjon og vi anbefaler dette, blir du så satt på venteliste til operasjon hos oss. Ventetida varierer frå nokre veker til nokre månader, du vil få beskjed om dato i posten. I to dagar før operasjonen skal du drype auget som skal opererast. Du får med resept på desse dropane ved undersøkinga hos augelegen her. Dei same dropane skal du bruke også etter operasjonen.
Ofte blir operasjonen utført som dagkirurgi, det vil seie at du reiser heim same dag etter operasjonen. Alternativt kan du bli innlagd i Augeavdelinga frå dagen før til eit par dagar etter operasjonen. Operasjonsdagen blir du tatt imot av ein sjukepleiar som klargjer deg til operasjonen. Du kan ikkje køyre bil same dag som du er operert.