Makulahòl i auget
Auget er forma som ei kule. Netthinna (”synshinna”) kler innsida av kula som eit tapet. ”Makula” er namnet på skarpsynsdelen av netthinna. I dette området kan det oppstå eit hòl. Hòlet er lite, men det ligg heilt i midten, slik at synet rett fram blir borte og bildet forvridd. Dette gir problem med å lese og å gjenkjenne ansikt, og ofte kjennest det forstyrrande på det andre auget. Tilstanden rammar ikkje sidesynet, så ein blir ikkje blind.
Kva kjem det av?
Kva kan gjerast?
Er det komplikasjonar knytt til inngrepet?
Før
Ved første konsultasjon blir du nøye undersøkt av augelege, det blir gjort nokre målingar og tatt nokre bilde. Dersom du ønsker operasjon og vi anbefaler dette, blir du så satt på venteliste til operasjon hos oss. Ventetida varierer frå nokre veker til nokre månader, du vil få beskjed om dato i posten. I to dagar før operasjonen skal du drype auget som skal opererast. Du får med resept på desse dropane ved undersøkinga hos augelegen her. Dei same dropane skal du bruke også etter operasjonen.
Ofte blir operasjonen utført som dagkirurgi, det vil seie at du reiser heim same dag etter operasjonen. Alternativt kan du bli innlagd i Augeavdelinga frå dagen før til eit par dagar etter operasjonen. Operasjonsdagen blir du tatt imot av ein sjukepleiar som klargjer deg til operasjonen. Du kan ikkje køyre bil same dag som du er operert.
Under
Operasjonen går som oftast føre seg i lokalbedøving. Du får beroligande tablett på førehand, men vil vere vaken. Operasjonen tar 1-1 ½ time. Først blir glasslekamen (geleen på innsida av auget) fjerna, og deretter ei tynn hinne som ligg over hòlet. Ei gassboble blir til slutt sett på innsida av auget. Dersom du ikkje er operert for grå stær tidlegare, gjer vi vanlegvis den operasjonen i same inngrepet. Da blir augelinsa fjerna og erstatta av ei kunstig linse.
Etter
Kontakt
Augebygget
Augeavdelinga
Ventetid: Ikke oppdatert
Ventetid: Ikke oppdatert
Kontakt AugeavdelingaOppmøtestad
Ekspedisjonen i Augebygget i 1. etasje måndag - fredag kl. 08.00-15.30
Øyeblikkeleg hjelp:
Vekedagar kl. 07.30-19.00: Augebygget i 3. etasje.
Kveld etter kl. 19.00 og helg: Akuttmottak i Sentralblokka.
Augebygget
Jonas Lies vei 72
5053 Bergen