Menières sykdom
Menières sjukdom er ein sjukdom i det indre øyret som gir anfall av svimmelheit og symptom frå øyret som øyresus, trykkjensle og tap av høyrsel. Årsaka er væskesamling i det indre øyret. Sjukdomen er ufarleg, men ofte plagsam i periodar.
Sjukdomen er kronisk, men behandling kan redusere syptoma. Det er særleg svimmelheitsanfalla som kan vere plagsamme. Anfalla kan kome i seriar avløyst av periodar med mindre plager. Anfalla avtar vanlegvis over tid, men hos nokon kan dette ta mange år.
Tilvising og vurdering
Både fastlegar og spesialistlegar kan tilvise til denne utgreiinga/behandlinga.
Utgreiing
Alle pasientar med mistanke om Menières sjukdom bør bli utgreidd hos øyre-nase-hals-spesialist for å stadfeste eller avkrefte diagnosen.
Det er viktig for legen med ei grundig beskriving av svimmelheitsanfalla. Tenk over følgjande:
- Kor lenge varer anfalla?
- Kor ofte kjem dei?
- Er det utløysande faktorar eller ledsagande symptom før anfallet?
Du bør lage deg ein anfallslogg der du noterer kraftige anfall som varer i minst 20 minutt.
Sjukdomen gir eit karakteristisk tap av høyrsel, både i samband med anfall og ved langvarig sjukdom. Høyreprøve kan stadfeste dette.
Primærundersøkingar:
Behandling
Dei fleste pasientar kan behandlast utanfor sjukehus. Ved langvarige og uttalte plager, kan nokre pasientar ha nytte av medisinsk og kirurgisk behandling.
Behandling ved svimmelheitsanfall:
Eit akutt Menières-anfall gir ofte ei kraftig kjensle av svimmelheit og symptom som at du kjenner deg uvel, svett og kvalm og kan gi oppkast. Desse symptoma blir forsterka ved hovudbevegelsar og blir dempa av å ligge heilt i ro med augene igjen. Kvalmestillande medisinar kan ha effekt ved anfall, men skal ikkje brukast dagleg som fast medisin.
Behandling for å førebygge svimmelheitsanfall:
Det er fleire behandlinga som kan prøvast for å førebygge svimmelheitsanfall. Det er usikkert kva som fungerer best og kva pasientar som kan ha nytte av dei forskjellige. Derfor er det viktig at du diskuterer med legen kva som kan vere aktuelt i ditt tilfelle. Det er også viktig at du registrerer anfalla dine før og etter oppstart av behandling, helst med anfallslogg der du også registrerer symptoma.
Følgande behandlingar kan vere aktuelle:
- Redusert inntak av salt og kaffi.
- Vanndrivande medisinar.
- Betahistin (Betaserc)
- Eit ventilasjonsrøyr/dren kan opererast inn i trommehinna i øyret for å endre trykket i mellomøyret. Dette er eit lite inngrep. Ventilasjonsrøyret er omtrent like tynn som ei fyrstikk og gjer at det er fri passasje av luft mellom innsida og utsida av trommehinna. Som oftast ligg dette ventilasjonsrøyret inne til det fell ut av seg sjølv, oftast etter 1-2 år. Trommehinna gror som regel fint av seg sjølv. Det går an å sette inn nytt ventilasjonsrøyr ved behov.
- Behandling med ventilasjonsrøyr kan eventuelt kombinerast med ein trykkpulsgenerator (Meniett®) i øyregangen etter at ventilasjonsrøyr er lagt inn.
- For eit fåtal pasientar som har invalidiserande anfall med svimmelheit kan operasjonar som øydelegg noko av funksjonen i balanseorganet vere aktuelt. Den mest brukte metoden er innsprøyting av eit antibiotikum (gentamycin/streptomycin) i mellomøyret. Dette ødelegg mellom anna sanseceller i balanseorganet. Ca 80 % av pasientane får god kontroll på svimmelheitsanfalla etter denne behandlinga. Behandlinga medfører vanlegvis forbigåande auka svimmelheit. Det er svært viktig med opptrening i etterkant for å bli bra igjen. Ca 20 % av pasientane før auka høyrseltap på det behandla øyrert, og nokon for også auka øyresus etter inngrepet.
Funksjonen i balanseorganet kan bli dårlegare over tid. Det er derfor viktig å trene balansen og vere i aktivitet. Etter kvar som sjukdomen utviklar seg, vil dei fleste få nedsett høyrsel. I starten vil ofte høyrsla variere. Då kan det for ein del pasientar vere vanskeleg å bruke høyreapparat. Med tida vil høyrsla som oftast stabiliserast, noko som gjer høyreapparat meir aktuelt.
Oppfølging
Dei fleste pasientar kan følgast opp av fastlege i samarbeid med øyre-nase-hals-spesialist. Trening kan motverke kronisk utsøleik og fysisk inaktivitet som følgje av vestibulær svimmelheit. Dei fleste pasientar kan trene sjølvstendig i stor grad, men nokon treng hyppigare oppfølging med fysikalsk behandling.
Både fastlegen og spesialisthelsetenesta kan tilvise deg til fysioterapi. Du kan også snakke med legen om å søke opphald ved ein opptreningsinstitusjon.
Nokre sjukehus har lærings- og meistringstilbod som kan vere aktuelle for deg. Ettersom tilstanden kan innebere ulike utfordringar i arbeid og dagleg funksjon, kan du i samarbeid med arbeidsgivar, fastlege og Nav vurdere arbeidssituasjonen din. Du kan også be legen om tilvising til profesjonell hjelp for uro og nedstemtheit. Kontakt med folk som har eigne erfaringar med sjukdomen kan vere viktig støtte frå eit tidleg tidspunkt. Du finn likemannstilbod i Hørselshemmedes Landsforening (HLF), som er ein interesseorganisasjon for mellom anna personar med Menières sjukdom.
Kontakt
Sentralblokka
Balanselaboratoriet
Oppmøtestad
Du finn oss i 2. etasje i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus.Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen