magnetisk resonans
MR av hovudet
Ved MR-undersøking ligg du i eit magnetfelt, mens MR-maskina lager bilete ved hjelp av radiobølger. MR-undersøking inneber inga form for røntgenstråling.
MR-undersøking av hovudet gjer vi ved mistanke om sjukdom eller skade, eller ved kontroll av kjende tilstandar i hovudet. Undersøkinga kan vere aktuell ved utgreiing av ei rekke tilstandar.
Tilvising og vurdering
Tilvising blir vanlegvis skrive av lege på sjukehuset eller i primærhelsetenesta.
Tannlegar kan tilvise til MR, og kiropraktorar og manuellterapeutar kan også tilvise til MR i forbindelse med muskel- og skjelettplager.
Før
På grunn av magnetfeltet må tilvisande lege informere i tilvisinga om du:
- har pacemaker
- har innoperert høyreapparat
- har klips på blodkar i hovudet
- har metallsplint i auge
- er gravid
- har anna innoperert metall og elektronikk
Sjekkliste: Dette må fjernast før undersøkinga:
- Klokker, bank- og kredittkort. Desse kan bli øydelagtde av magnetfeltet.
- Metallgjenstandar som briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke. Desse kan bli trekt inn mot apparatet i stor fart.
- Høyreapparat. Det kan bli påverka av magnetfeltet.
- Tannprotesar. Dei kan forstyrre i bileta og lause tannprotesar må takast ut om du skal undersøke hovudet/halsområdet.
- Augesminke. Ho kan innehalde små delar av metall som kan forstyrre bileta.
Dersom du bruker medisinar kan du ta dei på vanleg måte.
MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel
I nokre tilfelle må vi sette kontrastvæske i blodet. Du får eit tynt plastrøyr (venekanyle) lagt inn ei blodåre. Dersom det er aktuelt å gi deg kontrastvæske i forbindelse med undersøkinga vil legen din bestille nyrefunksjonsprøve (blodprøve) som du må ta før MR-timen. Er dette tilfelle for deg vil det stå i innkallingsbrevet ditt. MR-kontrast gir sjeldan biverknadar i form av allergiliknande reaksjonar.
Har du klaustrofobi?
Sjølv med litt klaustrofobi klarer dei aller fleste å gjennomføre undersøkinga. Du bør ta kontakt med avdelinga dersom du trur dette kan bli eit problem for deg. Vi har ulike måtar vi kan hjelpe deg på. Dersom du har vondt for å liggje og/eller trenger hjelp til å slappe av, må du be fastlegen om smertestillande/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.
Amming
Overgang av kontrastmiddel til morsmjølk er minimal, og du kan ta MR sjølv om du ammer.
Under
Under undersøkinga ligger du på ein benk som blir ført inn i ei røyrforma maskin som er open i begge endar. Du ligger med hovudet eller beina først, avhengig av kva for område på kroppen du skal ha undersøkt. Det vi skal undersøke, må ligge midt i magnetfeltet. Det er viktig at du ligg heilt stille for at kvaliteten på bileta skal bli bra. Ved MR-undersøkinga blir hovudet plassert i ei form, med mogelegheit til å sjå ut. Denne er nødvendig for å kunne lage MR bileta.
Mens fotograferinga skjer, høyrer du ein rekkje bankelyder i maskinen. Du får øyreproppar eller øyreklokker som dempar bankelyden.
Undersøkinga tek omlag 15 til 60 minutt, avhengig av kva legen din har etterspurt. Du får nærmare informasjon om dette frå personalet når du kjem på avdelinga.
Når bileta blir tekne, går personalet ut av rommet. Dei ser deg gjennom eit vindauge. Du får ein alarm i handa, for å kunne kontakte personalet. Dei kan snakke med deg via ein mikrofon, og eventuelt komme inn i rommet der du ligg.
Kjenner du behov for å ha med pårørande, kan dei sitje inne med deg under sjølve undersøkinga. MR-sjekklista gjeld også for pårørande som skal vere i rommet.
Gjer det vondt?
Undersøkinga gjer ikkje vondt i seg sjølv, men det kan vere vanskeleg å ligge stille. Det er derfor viktig å finne ei stilling som er komfortabel. Du får puter og anna støtte slik at du klarer å ligge stille.
Du kan oppleve å bli varm under undersøkinga. Dette er ikkje vondt eller farleg. Denne følelsen gir seg når undersøkinga er over.
Etter
Resultatet av undersøkinga
Kontakt
Sentralblokka
Radiologisk avdeling, MR-seksjonen
Oppmøtestad
Radiologisk avdeling, MR held til i både 1. etasje, 0. etasje og Underetasjen (U) i Sentralblokka (Sjå nærare informasjon i tilsendt brev om kva av etasjane du skal møte til timen din).Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen