magnetisk resonans
MR av bekken
Ved MR-undersøking ligg du i eit magnetfelt, mens MR-maskina lager bilete ved hjelp av radiobølger. MR-undersøking inneber ingen form for røntgenstråling.
MR-undersøking av bekkenet vert utført ved mistanke om sjukdom eller skade, eller ved kontroll av kjente tilstandar i bekkenet. Dette for blant anna å vurdere slitasjeforandringar, tilstandar av betennelse, sjå på prostata, livmor, eggstokkar, endetarmen med meir.
Tilvising og vurdering
Før
- har pacemaker
- har innoperert høyreapparat
- har klips på blodkar i hovudet
- har metallsplint i auge
- er gravid
- har anna innoperert metall og elektronikk
Sjekkliste: Dette må bli fjerna før undersøkinga
- Klokker, bank- og kredittkort. Desse kan bli øydelagt av magnetfeltet.
- Metallgjenstandar som briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke. Desse kan bli trekt inn mot apparatet i stor fart.
- Høyreapparat. Det kan bli påverka av magnetfeltet.
- Tannprotesar. Dei kan forstyrre i bileta og lause tannprotesar må takast ut om du skal undersøke hovudet/halsområdet.
- Augesminke. Den kan innehalde små delar av metall som kan forstyrre bileta.
MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel
Har du klaustrofobi?
Amming
Under
Under undersøkinga ligg du på ein benk som blir ført inn i ei røyrforma maskin som er open i begge endar. Du ligg med hovudet eller beina først avhengig av kva for område på kroppen du skal undersøke. Det vi skal undersøke må ligge midt i magnetfeltet. Det er viktig at du ligg heilt stille for at kvaliteten på bileta skal bli bra. Ved alle bekkenundersøkingar må ein legge ein spole (plate) over bekkenet. Denne er nødvendig for å kunne lage MR-bilete.
Mens fotograferinga skjer høyrer du ein rekke bankelyder i maskinen. Du får øyreproppar eller øyreklokker som dempar bankelyden.
Undersøkinga tar omlag 15 til 60 minutt, avhengig av kva legen din har etterspurt. Du får nærmare informasjon om dette frå personalet når du kjem på avdelinga.
Når bileta blir tatt går personalet ut av rommet. Dei ser deg gjennom eit vindauge. Du får ein alarm i handa, for å kunne kontakte personalet. Dei kan snakke med deg via ein mikrofon, og evt. komme inn i rommet der du ligg.
Føler du behov for å ha med pårørande, kan dei sitte inne med deg under sjølve undersøkinga. MR-sjekklista gjeld også for pårørande som skal vere i rommet.
Gjer det vondt?
Undersøkinga gjer ikkje vondt i seg sjølv, men det kan vere vanskeleg å ligge stille. Det er derfor viktig å finne ei stilling som er komfortabel. Du får puter og anna støtte slik at du klarer å ligge stille.
Man kan oppleve å bli varm under undersøkinga. Dette er ikkje vondt eller farleg. Denne følelsen gir seg når undersøkinga er over.
Etter
Dersom du er innlagt på sjukehuset kjem du tilbake til avdelinga. Dersom du har fått kontrastvæske, må du vente til det har gått 30 minutt. Viss ikkje kan du reise rett heim når du er ferdig. Har du brukt avslappande medikament bør du ikkje køyre bil sjølv.
Resultatet av undersøkinga
Bileta blir granska av ein radiolog (overlege) som lager ein skriftleg rapport av kva bileta viser. Rapporten blir sendt til legen som tilviste deg. Bileta og rapporten blir lagra i datasystemet vårt.
Kontakt
Sentralblokka
Radiologisk avdeling
Oppmøtestad
Radiologisk avdeling har seksjonar fleire stader på Haukelandsområdet, i Bergen helsehus, i leigde lokale ved Haraldsplass Diakonale Sykehus, på Kysthospitalet i Hagevik og ved Voss sjukehus. Sjå den aktuelle seksjonen for meir informasjon.Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen