Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nakkeprolaps

Mellom nakkevirvlane er det støytputer (mellomvirvelskiver). Skivene har ein blaut kjerne og ein kapsel. Med alderen blir skiva endra, og den ytre kapselen kan sprekke heilt eller delvis og gi prolaps (skiveutgliding).

Prolaps i nakken gir nesten alltid nakkesmerter. Noen ganger stråler smertene også ut i en eller begge armene. De fleste som får nakkeprolaps blir bra igjen av seg selv i løpet av 3-4 måneder, men i noen tilfeller kan kirurgi være nødvendig.

Les meir på helsenorge.no

Symptom

Nakkeprolaps og forkalkingar kan gi ei smerte i nakken som stråler ut i éin eller begge armane. Smerteintensiteten kan variere alt etter kva stilling du held hovudet i. Nokon vil også merke nedsett hudkjensle og redusert kraft i armen, såkalla nevrologiske utfall.

Kva rørsler som blir svekte, og kva område av armen som får nedsett kjensle, avheng av kva nerverot som blir påverka. Av og til kan det vere trykk mot sjølve ryggmergen, noko som kan gi gangvanskar, blæreproblem, nomenheit og prikkingar i armar og bein.

Dei fleste prolapsane vil bli mindre  dei første vekene, slik at symptoma gradvis forsvinn. Rundt 2 av 10 pasientar med nakkeprolaps vil ha behov for vurdering for kirurgi.

Operasjon

Dei fleste operasjonane blir gjennomførte 3–6 månader etter at prolapset oppstod. Operasjon er aktuelt dersom du har vedvarande utstrålande smerter eller funksjonsnedsetjing i den eine eller begge armane trass i optimalisert behandling med medisinar og fysioterapi/tilpassa trening.

Formålet med operasjonen er å avlaste trykket på nervane for å gi smertelindring i armen, og auke sjansen for å vinne tilbake muskelkraft og hudkjensle. Dersom du har invalidierande smerter eller nedsett kraft i éin eller begge armane, skal du kontakte lege slik at ein får vurdert om du treng akutt operasjon.

Bilde av nakkeprolaps
Den ytre kapselen kan sprekke heilt eller delvis og gi prolaps.
MR-bilde av nakkeprolaps
MR-bilde av nakkeprolaps

Tilvising og vurdering

Du må ha tilvising frå fastlege etter at du har teke MR av nakken som viser prolaps eller annan trongheit (stenoser) for nervane, som kan forklare plagene dine. Ventetid til poliklinisk vurderingstime vil vere avhengig av hastegrad vurdert etter informasjon i tilvisinga og funn på MR-undersøkinga.

Dersom MR-undersøkinga er teken ved eit anna sjukehus eller ved eit privat røntgeninstitutt, kan det ta noko tid for oss å få innhenta bileta.

I tilvisinga vil legen ta opp ein del viktige moment:

  • symptom og varigheit av desse
  • utvikling av plagene, aktivitet som forverrar plagene
  • gjennomgått behandling og eventuelt effekt av denne
  • viktige faste medikament
  • tidlegare sjukdommar

Før

Ved undersøkinga vil legen sjå på rørsler i nakken, teste krafta i armar og hender, teste hudkjensle og refleksar. I løpet av den polikliniske timen skal de komme fram til ein vidare behandlingsplan anten operasjon eller å halde fram med medisinsk eller fysikalsk behandling.

Du treng ikkje å førebu deg til undersøkinga.

Under

Dersom du skal opererast, vil ventetida for operasjon først og fremst vurderast ut frå symptom og risiko for varig funksjonsnedsetjing.

Førebuingar før operasjonen

Røyking og dagleg inntak av alkohol gir ein auka risiko for komplikasjonar etter operasjonen. Røyking forseinkar heilinga av operasjonssåra. Vi tilrår derfor at du held opp med å røykje og drikk minst mogleg alkohol i tida før operasjonen.

Du vil få nærare beskjed om kva for nokre av dei faste medisinane dine du skal ta på operasjonsdagen. Ved bruk av blodfortynnande medisinar (til dømes Marevan, Albyl-E, Plavix) må du avklare med kirurgen og/eller fastlegen din om og når du må slutte med desse før operasjonen.

Dei fleste pasientar blir lagde inn på sjukehuset same dag som operasjonen skal gjennomførast. Den generelle helsetilstanden din og avstand til sjukehuset er avgjerande for om du må leggjast inn dagen før operasjonen.

På innleggingsdagen blir du teken imot av sjukepleiar som gir deg informasjon og svarer på spørsmål. Deretter får du snakke med kirurgen, som regel den du var hos på poliklinikken. Kirurgen som skal operere deg vil også gi deg informasjon om inngrepet  

På operasjonsdagen skal du møte fastande

  • Du skal ikkje ha ete etter midnatt.
  • Du skal ikkje røykje, snuse, drikke kaffi eller bruke tyggjegummi før operasjonen.

Ta dei tablettane som du har avtalt med legen at du skal ta.

Dette skjer under operasjonen

Den vanlegaste operasjonen for nakkeprolaps blir kalla fremre cervikal diskektomi med bur (fremre dekompresjon). Operasjonen blir gjord i full narkose og varer i 1–2 timar. Mesteparten av operasjonen blir gjord under mikroskop.

Det blir laga eit lite hudsnitt på halsen. Matrøyret og luftrøyret blir skove varsamt til sida slik at fremre del av nakkevirvlane blir avdekte. Mellomvirvelskiva (støytputa) blir fjerna saman med det som pressar på nervane eller ryggmergen. Skiva blir vanlegvis erstatta med eit implantat (propp) laga av titan.

Etter

Etter operasjonen vil du vere nokre timar på overvakingsavdelinga.

Nakken din er stabil etter operasjonen, men du skal unngå store rørsler i nakken, som å bøye hovudet kraftig bakover dei første 2 vekene etter operasjonen.
Seinare same dag eller dagen etter operasjonen reiser du heim.

Du kan dusje 2 dagar etter operasjonen. Bandasjen blir skifta etter dusjing. Dersom såret er sydd med vanlege sting i huda, blir desse fjerna hos fastlegen din 10-12 dagar etter operasjonen.

Vanlegvis får du sjukmelding for 4-6 veker. Denne tida blir tilpassa yrkt ditt. 

For å unngå muskelspenningar kan du gjere øvingar fleire gonger dagleg den første tida etter operasjonen:

  • Trekk skuldrene opp mot øyra - senk langsamt.
  • Roter skuldrene i sirkel med armane langs sida.
  • Trekk skulderblada saman - slapp av (5-10 repetisjonar per øving). 

 

Vanlege plager og komplikasjonar


Det er vanleg at du har vondt i halsen nokre dagar etter operasjonen.
Blødingar kan førekomme dei første timane etter operasjonen. Ved bløding, kan det vere nødvendig med reoperasjon.

Du kan oppleve forbigåande problem med å svelge og noko endra styrke og tonebreidde på stemma. Det er sjeldan at dette blir varig plagar.

Meir sjeldne plager er skade på ryggmerg eller på nervane som går ut i armane.
Dersom du får infeksjon i såret, kan dette i dei fleste tilfelle behandlast med antibiotika

 

 

Ver merksam

g_ac2a5d7b_1b8c_4936_9c60_5888e976eaf6
Sist faglig oppdatert 06.02.2025

Kontakt

Sentralblokka Nevrokirurgisk avdeling
Ventetid: 8 - 24 uker

Ventetid: 8 - 24 uker

Kontakt Nevrokirurgisk avdeling

Oppmøtestad

Nevrokirurgisk avdeling i Sentralblokken for deg som skal bli operert. Kontroll og vurdering foregår på Nevropoliklinikken i Gamle Hovedbygg på sykehusområdet. 
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Ventetid

8 uker til utredning

16 uker til innleggelse (24 totalt)

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Telefon resepsjon: 55 97 50 00

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.