Nyrebetennelse (akutt tubulointerstitiell nefritt) er ein tilstand med betennelse i delar av nyrene, og oppstår som regel som ein biverknad av medisinar.
Årsakar
Medisinar som kan utløyse akutt nyrebetennelse omfattar antibiotika, smerte- og betennelsesdempande midlar (alle NSAID, som til dømes ibuprofen, naproxen, diclofenac), medikament mot ulcerøs kolitt, førebyggjande middel mot urinsyregikt og vassdrivande medikament.
Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
Busstoppa rundt Haukeland:
Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
Ibsensgate - arbeidsruter
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offentleg transport. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland.
For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
Parkering ved Marie Joys' hus De nærmeste parkeringsområdene for besøkende til Marie Joys hus er Parken og Sentralblokken. Innkjøring er ved Haukeland hotell.
I Parken kan man parkere i parkeringshuset (3 etasjer), under Haukeland hotell eller på utendørs parkeringsplasser som befinner seg innover området. Det er også flere parkeringsplasser utenfor MJH. I Parken er det ca. 180 parkeringsplasser.
I Sentralblokken er det 300+ parkeringsplasser innendørs. Parkerer man i Sentralblokken kan man gå innendørs via tunnelsystemet til MJH. Det er også mulig å gå utendørs gjennom sykehusparken.
Det er parkeringssystemet Sesam Sesam som brukes i Parken og Sentralblokken. Det er stor knapphet på parkeringsplasser på dagtid.
Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offentleg transport. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland.
For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
Rettar/Rettane dine Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt. Les meir om rettane dine ved pasientreiser
I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.
Taxi til Marie Joys' hus På forplassen foran Marie Joys' hus er det mulig å kjøre inn og slippe av og/eller hente pasienter. Innkjøring til Parken er ved Haukeland hotell. Parkering tillates ikke på forplassen.
Praktisk informasjon
I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.
Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.
Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.
Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.
Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.
Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.
På grunn av mellom anna liten plass, allergiar, nyopererte pasientar og fare for oppvekst av bakterier i blomsterjord og blomstervann er det ikkje lov med avskorne blomstrar eller potteplantar til inneliggande pasientar.
Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla.
Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir.
Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.
Takk for at du ikkje bruker parfyme. Parfymelukt kan gi pasientar problem med pusten, hudirritasjonar og forverra sjukdomssymptom. Tusen takk for at du tar omsyn og unngår å bruke parfyme og parfymerte produkt på sjukehuset.
Telefon resepsjon: 55 97 50 00
I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.
Besøke pasientar Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.
Betale eigendel Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.
Bestille drosje Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.
Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:
Lån av rullestol Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum.
Følgeteneste Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.
Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.
Oppbevaringsboksar Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.
Hittegods Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.
Vi ønsker at sjukehusområdet vårt skal vere røykfritt. Dei aller fleste pasientar og pårørande trivst best i eit røykfritt miljø. Mange blir også direkte plaga om dei blir utsette for passiv røyking.
Det er ei utfordring at mange røyker utanfor inngangspartia på sjukehuset.
Om du skal røyke når du oppheld deg på sjukehusområdet, ber vi deg om å gjere dette på dei stadene vi har sett av til dette. Dette gjeld også bruk av e-sigarettar.
Vi har lagt til rette for røyking følgande stader:
Røykerom ved inngangen frå parkeringsdekket på austsida av Foajéen i Sentralblokka, utgang til høgre for Deli de Luca
Røykeskur framfor Gamle hovudbygg
Røykeskur framfor Augebygget
Vi håpar du respekterer røykeforbodet vårt av omsyn til andre pasientar.
Tilsette har ikkje lov til å røyke på sjukehusområdet.
Daglegvarebutikkar i nærområdet:
Rema1000 Haukelandsveien Omlag 10 min gange frå Sentralblokka Måndag - fredag: kl. 06.30 - 23.00 Laurdag: kl. 06.30 - 23.00
Kiwi Kronstad Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka Måndag - fredag: 06.30 - 23.00 Laurdag: kl. 08.00 - 23.00
I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma er alltid ope, og er opne for alle.
Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.
Vi råder deg til å la verdisakane ligge att heime då sjukehuset ikkje har forsikringsordningar som dekker tap av personlege ting. Fleire pasientar blir sendt direkte til sjukehuset og vi bruker verdiposar til oppbevaring av kontantar, bankkort og mobiltelefon for dei som har behov for det.