Du blir kalla inn til sjukehuset dagen før operasjonen, eller tidleg samme dag. Det vert då tatt blodprøver og det vert samtale med sjukepleiar og lege. I nokre tilfeller kan det vere nødvendig med undersøkingar som for eksempel røntgenbilete av hjartet og lunger, eller ultralyd av hjartet. Ta med toalettsaker til sjukehuset, vanlegvis overnatter du ei natt på sjukehus etter operasjonen. Det kan vere lurt å legge smykker og verdisaker heime, då avdelinga ikkje har høve til å ta vare på dette medan pasienten er til operasjon.
På operasjonsdagen skal du faste frå midnatt, det vil seie ikkje spise, drikke, røyke eller snuse. Du vil få dusje med spesialsåpe (Hibiscrub) kvelden før og om morgonen og få ei rein seng.
Du vil få ein venekanyle, eit tynt plastrør, inn i ei blodåre til å få antibiotika og eventuelt andre medisinar gjennom.
Meir om pacemakaren
Ein pacemaker er ca 5 x 5 cm x1 cm, og vert operert inn under huda øverst på venstre sida av brystkassen. Den inneheld ein liten datamaskin med batteri og er kobla til 1, 2 eller 3 ledningar som går ned til hjartet. Ein kan justere pacemakeren slik at den passar best mogleg til den enkelte sitt behov. Pacemakeren overvaker hjarterytmen kontinuerleg og gjev pasienten behandling dersom eigen hjarterytme er for langsom. Den vil då gje elektriske signal til hjartet slik at det kjem eit nytt slag. Desse signala kjenner ein ikkje.
Det vert nytta forskjellige typar pacemakere, alt etter kva som er årsaka til at ein treng pacemaker. Hjartet kan slå for langsomt eller ha pausar mellom hjarteslaga. Dette kan føra til svimmelhet og ein kan svime av om hjernen ikkje får nok blod. Daglegdagse aktivitetar vil då kunne gjere deg kortpusta og slapp. Kva type pacemaker som vert valt til deg er avhengig kva hjarterytmeforstyrring du har.
Den vanlegaste typen pacemaker har 2 ledningar, 1 til høgre forkammer og 1 til høgre hovudkammer. Nokre pasientar treng berre 1 ledning til høgre hovudkammer.
Ein hjartestartar eller ICD har på same måte som ein pacemaker 1 ledning til høgre hovudkammer og nokre gongar også 1 ledning til høgre forkammer.
Ein biventrikulær pacemaker, som også vert kalla hjartesviktpacemaker har 3 ledningar; 1 i høgre forkammer, 1 til høgre hovudkammer og 1som ligg utanfor venstre hovudkammer. Denne kan også kombinerast med ein hjartestartar.