Behandling
Koronar angiografi og/eller utblokking av kransårar (PCI)
Koronar angiografi er ei røntgenundersøking der vi undersøkjer kransårane. Det vil seie blodårane som forsyner hjartemuskelen med oksygenrikt blod, for å sjå om det er forsnevringar i kransårane. Koronar angiografi blir gjennomført ved mistanke om angina pectoris eller hjarteinfarkt.
Årsaker
Hjartet er ein muskel som sørgjer for at alle organa til kroppen får oksygenrikt blod. Hjartet sjølv treng også oksygen for å fungere, og får dette gjennom kransårane (blodårane rundt hjartet) som ligg utanpå hjartet.
Angina og hjarteinfarkt oppstår på grunn av feittavleiringar i kransårane til hjartet. Prosessen kallar vi aterosklerose eller åreforkalking. Dei fleste får slike feittavleiringar i større eller mindre grad med aukande alder, men nokon er meir utsette enn andre.
Forhold som kan framskunde åreforkalkingsprosessen, er røyking, høgt blodtrykk, høgt kolesterol, fysisk inaktivitet og diabetes. I tillegg kjem faktorar som vi ikkje kan påverke, slik som arv, kjønn og alder.
Før
- Dusj kvelden før, eller same morgon som undersøkinga, om tilstanden din tillèt det
- Du må fjerne neglelakk og sminke og ta av klokke, ringar og smykke.
- Du skal ikkje drikke koffeinhalding drikke etter midnatt.
- Du kan ete små porsjonar til alle måltid før undersøkinga dersom du ikkje får beskjed om noko anna.
- Du skal ta dine faste morgonmedisinar, unntatt
- diuretika (vanndrivande)
- blodtynnande medisinar som Marevan®, Klexane®, Eliquis®, Xarelto®, Pradaxa®, Arixtra®.
- Metformin®, Glucophage®, Janumet® (diabetesmedisin)
- Du har på deg pasientskjorte under undersøkinga.
- Du får ein venekanyle i armen og det blir kopla til intravenøs væske.
- Dersom du har nedsett nyrefunksjon, får du ei ekstra mengde intravenøs væske, du skal og passe på å drikke litt godt kvelden før.
- Du skal late vatnet før undersøkinga
Under
Du får lokalbedøvelse ved innstikkstaden (lysken eller håndleddet) før vi fører et kateter opp gjennom pulsåra og til hjartet. Kontrastvæske blir sett inn gjennom kateteret, og forsnevringer i kransarteriene blir synlige på røntgen.
Eit kateter med ballong blir ført opp til det trange området i kransåra. Her blåser vi opp ballongen og utvider området. For å halde kransarterien open legg vi inn ein forsterking, ein såkalla stent; eit metallgitter forma som ein sylinder.
Under inngrepet kan du merke forbigåande ubehag
- Du kan oppleve ubehag i arm ved innføring av kateteret.
- Du kan oppleve lett varmefølelse når du får kontrastvæske.
- Brystsmerter og tungpust
- Du kan merke smerte når vi blåser opp ballongen for utblokking av åra
- Du får smertestillande og avslappande medikament ved behov
- Det er viktig at du gjev beskjed til personalet om eventuelle ubehag eller smerter.
Etter
- Etter prosedyren blir innføringskanylen fjerna.
- Vi måler blodtrykk og puls
- Du kan ete og drikke etter ein time.
- Kor lenge du må halde senga, er avhengig av om vi har gått inn i lysken eller handleddet.
- Du blir utskriven frå sjukehuset etter 1-2 døgn.
Dette må du ta hensyn til etter inngrepet:
- Følg nøye med innstikkstaden. Meld frå om du merkar teikn til bløding, hevelse eller om du får smerter.
- Det er vanlig med blåmerker rundt innstikkstaden. Det kan vera litt ømt dei første dagane.
- Du kan dusje som vanlig dagen etter behandlinga. Skift bandasje for å unngå forureining av innstikkstaden.
- Du skal ikkje løfte tungt dei to første dagane uansett innstikkstad.
- Du skal vera forsiktig med fysisk aktivitet dei første to dagane etter innstikk i lysken.
- Kontakt fastlegen din eller legevakt om du opplever komplikasjonar eller problem etter at du er utskriven.
Ver merksam
Moglege komplikasjonar etter PCI
Kontakt
Sentralblokka
Hjarteintervensjon
Oppmøtestad
- Innleggingskontoret: For timar til hjartekateterisering eller rytmeutgreiing/behandling
- Pasientekspedisjonen i poliklinikken: For timar til mellom anna pacemakerkontrollar og hjartekirurgiske kontrollar
- Kveldspoliklinikken: Her blir det gjennomført mange polikliniske konsultasjonar, i tillegg til at inneliggjande pasientar blir undersøkte her. Opningstider: Måndag til fredag kl. 16.00-1930.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen