Innlegging, skifte og fjerning av pyelostomikateter
Pyelostomi
Pyelostomi er ei behandling der eit tynt kateter vert lagd inn i nyra for å avlaste. Ved hjelp av pyelostomikateteret vert urinen drenert ut av kroppen og samla opp i ein pose.
Det er ulike medisinske årsaker som kan krevje innlegging av pyelostomikateter. Felles er at det er avløpshinder mellom nyre og blære som fører til oppsamling av urin i nyra (hydronefrose).
Ofte vert kateteret lagd inn som akutt avlastning, og fjerna att når avløpshindringa er behandla. Hjå enkelte er derimot avløpshindringa langvarig eller permanent. Ved behov for avlasting over lengre tid lyt ein byte kateteret kvar tredje månad. Skifte av kateter vert utført i røntgengjennomlysing ved Radiologisk avdeling.Før
Før du kjem til oss
Pasientar til pyelostomiinnlegging har vore til forundersøking hjå lege og vert lagd inn på sengepost i forkant av behandlinga. Du skal ha fått informasjon om den planlagde prosedyra før du kjem til oss på radiologisk avdeling.
- Du må vera fastande, det vil bli lagd inn veneflon i armen og aktuelle blodprøvar vert tekne.
- Du vert køyrd i seng til undersøkingsrommet på Radiologisk avdeling.
- Hugs å ta med deg ei liste over faste medisinar som du brukar.
- Dersom du er gravid, har diabetes eller allergi, ynskjer me informasjon om dette.
- Opplys også om du brukar eit av dei blodfortynnande medikamenta Marevan, Xarelto, Pradaxa eller Eliquis.
Under
På Radiologisk avdeling vil du bli møtt av to radiografar. Kateteret vert lagd inn av lege med spesialisering innan røntgen og intervensjon (intervensjonsradiolog).
Før undersøkinga er det ein del førebuingar, og radiografen vil stille deg nokre spørsmål. Du må liggje på magen, huda vert desinfisert på ryggen kring innstikkstaden, og du får eit operasjonsdekke over deg.
Før kateteret vert lagd inn vil radiologen starte med å gje deg lokalbedøving.
Du vil vera vaken under inngrepet, men vil få avslappande og smertelindrande medikament etter behov. Blodtrykk og puls vert måla.
Sjølve inngrepet tek normalt 1/2- 1 time.
Fjerning av pyelostomi
Dersom seinare undersøking viser normal passasje av urin, kan kateretet fjernast. Gjennomlysing er ikkje naudsynt for å fjerne kateteret, det kan ansvarleg avdeling utføre.
Etter
Etter undersøking
Etter behandlinga må du observerast ei tid på sengepost. Normalt er det sengeleie 3- 4 timar ved innlegging av nytt kateter. Ved ukomplisert skifte av kateter er observasjonstida noko redusert, til omlag ein time. Vanlegvis vil det koma noko blod i urinposen etter inngrepet. Dette er normalt, men om det skulle vedvare bør du ta kontakt med ansvarleg avdeling, fastlege eller heimesjukepleiar.
Ver merksam
Pass godt på kateteret!
Det er lett å få drag i posen og slik dra kateteret ut.
Handtering av kateter, skifte av bandasje og pose:
Kontakt
Sentralblokka
Radiologisk avdeling, Intervensjon
Oppmøtestad
Hovudresepsjonen til Radiologisk avdeling i 1. etasje i Sentralblokka.Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen