Reaktiv artritt
Reaktiv artritt er leddbetennelsar (artritt) som oppstår etter ein infeksjonsepisode. Vanlegvis har infeksjonen vore i tarmen, kjønnsorgana eller urinvegane.
Symptom
Smerter og hevelse i ledd som kjem plutseleg, vanlegvis 1-4 veker etter ein infeksjon. Oftast blir få ledd ramma. Typiske ledd er kne, ankel, eller ledd i føtene. Somme pasientar får senefestebetennelse i akillessena eller i senefestar i fotsolen.
Svidande og røde auge kan førekomme.
Diagnose
Avheng av at det blir påvist leddbetennelse og det må ha vore ein tidlegare infeksjon som diaré, seksuelt overførbar kjønnssjukdom eller urinvegsinfeksjon. Dersom du har hatt ein kjønnssjukdom, kan det vere nyttig å vite kva bakterie du har hatt. Det er ikkje nødvendig å finne bakterien dersom du har hatt diarésymptom.
Behandling
Medikamentell behandling
- antibiotika ved seksuelt overført kjønnssjukdom
- betennelsesdempande medisinar (NSAIDS) som f.eks. Ibuprofen, Naproxen eller Diclofenac
- kortisoninjeksjon i ledd [lenkje til leddpunksjonstekst]
- prednisolonkur
- Ved langvarige, kroniske tilstandar kan antirevmatisk behandling i form av sulfasalazin (Salazopyrin) eller methotrexate vere aktuelt. I sjeldne tilfelle kan eventuelt behandling med biologisk medisin (TN -hemmar) vere nødvendig, dersom dei andre medikamenta ikkje har hatt effekt.
- Meir informasjon om dei ulike legemidla
Augesymptom
Blir stundom behandla med kortisondropar. Det vanlegaste er ein overfladisk betennelse i augeslimhinna (konjunktivitt), men dersom det oppstår augesmerter eller uklart syn bør du vurderast av augelege for å få undersøkt om det kan vere regnbogebetennelse (iridocyklitt).
Varigheit av sjukdommen
Dei fleste blir raskt betre utan å få tilbake symptoma. Hos somme vil sjukdommen gi tilbakevendande symptom. Hos ei lita gruppe blir sjukdommen kronisk med behov om langvarig immundempande behandling.
Kontakt
Gamle hovedbygg
Revmatologisk avdeling
Oppmøtestad
3. etasje i Gamle hovedbygg på HaukelandGamle hovedbygg
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen