Revmatologisk utredning
Inflammatorisk (betennelsesaktig) revmatologiske sjukdommar er eit samleomgrep på tilstandar karakterisert ved ikkje-infeksiøs betennelse i eitt eller fleire av organa til kroppen. Dette er autoimmune systemiske sjukdommar som mellom anna kan føre til hevelse og smerter i ledda og på sikt skade leddbrusk og beinsubstans. Sjukdomsutvikling kan også føre til at andre organ, som auge, lunger, tarm eller hud, blir påverka.
Smerter og stivleik i musklar og ledd er veldig vanleg og har ofte anna årsak enn revmatologisk sjukdom.
Les meir om tilstandar og sjukdommar i muskel- og skjelettsystemet på helsenoreg.no
Tilvising og vurdering
Du blir vist til revmatologisk utgreiing når sjukdomsteikn eller blodprøvesvar gjer at fastlegen mistenkjer betennelse i ledd eller indre organ (inflammatoriske revmatologiske sjukdommar).
Ventetida vil avhenge av symptom og funn og varierer mellom få dagar til fleire månader.
Før
Det er viktig at fastlege informerer om blodprøver og resultat av eventuelle andre undersøkingar (til dømes røntgen eller MR) som er gjorde i forkant av tilvisinga, gjerne også kvar undersøkingane er gjorde. Ta med ei oppdatert liste over medikament du bruker, inkludert eventuell naturmedisin. I nokre tilfelle skal du ta blod- og urinprøver før du kjem til den første timen. Dette vil du få beskjed om i innkallinga.
Under
Under den polikliniske timen vil legen snakke med deg om plagene du har. Det er vanleg at legen vil gjer ei ledd- og ryggundersøking, måler blodtrykk og lyttar på hjarte og lunger. Somme gonger vil legen bruke ultralyd for å vurdere ledda dine. I nokre tilfelle kan det bli nødvendig og trekkje ut litt leddvæske frå eit hovent ledd (leddpunksjon) for å sjå på væska med mikroskop.
Det kan vere nødvendig med vidare undersøkingar som til dømes røntgen eller MR-undersøkingar. Då vil du som regel få time til dette på eit seinare tidspunkt.
Kor lang tid tek normalt behandlinga?
Den første undersøkinga tek mellom ½ og 1 time. Av og til er diagnosen klar etter den første undersøkinga, andre gonger vil det vere nødvendig med fleire undersøkingar/møte etter den innleiande undersøkinga.
Etter
Resultatet av utgreiinga får du anten i første konsultasjon eller etter at det er gjort tilleggsundersøkingar. Dersom plagene dine kjem av ein inflammatorisk revmatologisk sjukdom, vil du vanlegvis få tilbod om behandling og oppfølging av spesialisten i samarbeid med fastlegen.
Om det blir behandling tilrådd og kva behandling som blir tilboden er avhengig av kva diagnose du får og korleis sjukdommen rammar deg. Du vil få informasjon om dette i konsultasjonen. Informasjon går også til fastlegen din.
Smerter i musklar og ledd som ikkje kjem av revmatologisk inflammatorisk sjukdom blir oftast følgt opp og behandla hos fastlege.
Kontakt
Gamle hovedbygg
Revmatologisk avdeling
Oppmøtestad
Haukeland Universitetssykehus, Revmatologisk poliklinikk, Gamle Hovedbygning 3 etasje. Du melder deg i ekspedisjonen når du kommer til poliklinikken.Gamle hovedbygg
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen