Kikholskirurgi
Robotkirurgi prostata, nynorsk
Prostatakreftoperasjonar blir gjort med kikholskirurgi ved hjelp av operasjonsrobot. Metoden er meir skånsam og gjer at du kan reise heim raskt etter inngrepet. Kirurgisk fjerning av prostatakjertelen blir brukt for å kurere kreftsjukdommen.
Kirurgen styrer kikholsinstrumenta frå ein konsoll, med ein optikk opptil ti gongar forstørring. Fordelen i forhold til vanleg kikholskirurgi ligg i dei ekstra handledda i enden av instrumenta, samt 3D-syn. Handledda gir kirurgen meir bevegelsesfridom i behandling av vevet. Dette hjelper i dei utfordrande delane av operasjonen.
Prosedyren er svært standardisert, men alle pasientar får ein individuelt tilpassa operasjon ut i frå kor aggressiv sjukdommen er. Alle pasientar med svulstar avgrensa til prostatakjertelen får tilbod om nervesparande operasjon. Dette for å minimere biverknader i form av inkontinens og ereksjonssvikt etter behandlinga.
Kontakt
Sentralblokka
Urologi
Oppmøtestad
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen