For barn og unge
Røntgen av blæra og urinvegar - miksjonscystografi
Miksjonscystografi (MUCG) er ei røntgenundersøking av blæra og urinvegane. Denne undersøkinga tas for å kartlegge funksjonen av blæra og kva som skjer når du tisser.
Det er viktig at du les denne informasjonen nøye slik at du veit kva som skal skje. Foreldre/foresatte bør snakke med barn og unge om undersøkinga, slik at dei blir gjort kjent med informasjonen de får her. Informasjon og samtale bidrar til at barnet kjenner seg trygg.
Før
Dersom du har ein pågåande urinvegsinfeksjon, må timen utsettast til infeksjonen er behandla.
Under
Når undersøkinga begynner, må du ligge på et undersøkelsesbord. Du må kle av deg bukse og truse, så får du eit håndkle over deg.
- Vi begynner med å vaske rundt urinrøret, då må du ligge med beina ut til sidene.
- Så smører vi på litt bedøvelsesgele. Geleen gjer undersøkinga mindre ubehagelig.
- Så set vi et tynt mjukt plastrør (kateter) gjennom urinrøret til urinblæra. Eit kontrastmiddel skal renne gjennom kateteret heilt til blæra er full, og du kjenner at du blir tissetrengt.
- Kontrastmiddelet gjer at blære og urinrør visest på røntgenbildene.
- Når blæra er full, tar vi vekk kateteret og så skal du prøve å tisse medan du ligg på benken.
- Det kan vere litt vanskelig å få til, og kan vera det som tar lengst tid. Grunnen til at du må tisse medan du ligg er fordi vi skal ta røntgenbilder samtidig som du tisser.
- Når det er gjort, er du ferdig med undersøkinga, kan kle på deg og reise heim.
- Heile undersøkinga tar frå 30 min til 1 time avhengig av kor lang tid det tar å tisse
Etter
Undersøkinga krev ingen spesiell oppfølging. Bilda blir beskrivne av ein røntgenlege og svaret blir sendt henvisande lege.
Dersom det er noko du lurer på i samband med undersøkinga, ta kontakt på telefon 55 97 52 20 kvardagar mellom kl. 09.00-11.00 og 12.00-13.30.
Kontakt
Glasblokkene
Barne- og ungdomsklinikken
Oppmøtestad
Hovudresepsjonen i Glasblokkene 5-8 i 1. etasje er open alle kvardagar frå 07.00- 21.00, og frå 08.00-21.00 i helg/heilagdagar.
Skal ditt barn ta blodprøvar, skjer dette i Blokk 6 i 1. etasje
(opningstid måndag-fredag kl. 08.00-15.30).
Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen