Røntgen av gane- barn og unge
Dette er ei undersøking som kartlegger funksjonen til ganen og øvre del av svelget.
Før
Det er viktig at du les denne informasjonen slik at du veit kva som skal skje.
Foreldre/foresatte bør snakke med barn og unge om undersøkinga, slik at dei blir gjort kjent med informasjonen de får her. Informasjon og samtale bidrar til at barnet/ ungdommen kjenner seg trygg.
Under
Du blir henta på venterommet av ein radiograf når det er din tur. Undersøkinga går føre seg medan du sit.
For å få gode bilde, er det nødvendig å bruke kontrastmiddel. Dette er ei tjuktflytande, kvit væske som vises godt på røntgenbilda. Når undersøkinga byrjar, set vi litt av dette kontrastmiddelet forsiktig i nasen din. Du skal så prøve å snufse det inn i nasen slik at det kjem bak i svelget. Det vil så bli gjort røntgenfilmopptak av ganen medan du seier ord eller lydar som du hermar etter logopeden.
Det kjem til å vere ein del folk i rommet som har forskjellige oppgåver. Ein logoped vil gje deg ord og lydar du skal gjenta, ein radiograf og ein medisinteknikar styrer apparatet som tar bilde og lagrar bilda, ein radiolog og plastikk-kirurg vurderer bilda.
Vi bruker ikkje lenger blyforkle på pasientar som kjem til røntgen, då det har vist seg at dette kan komme i vegen for ei god undersøking.
Dersom du ynskjer det, kan du ha med deg pårørande inn til undersøkinga.
Etter undersøkinga
Når undersøkinga er ferdig kan du forlate avdelinga. Undersøkinga vil bli vurdert i samarbeid med logoped, plastikk-kirurg og radiolog.
Etter
Resultatet av undersøkinga vil bli formidla av plastikk-kirurg når det er klart. Dersom det er noko du lurer på i samband med undersøkinga, kan du ta kontakt med oss.
Radiologisk avdeling, telefon 55 97 52 20 kvardagar mellom kl. 09.00-11.00 og 12.00-13.30.