Ved større sårstell der det er behov for sedasjon eller narkose, må ein forberede stellet på same måten som ein forbereder ved andre operasjonar.
- Ein må vere fastande
- Anestesilege vil gå nøye gjennom pasienten si sjukehistorie og aktuelle tilstand slik at ein kan gi ein trygg og godt overvaka narkose/sedasjon med riktig smertelindring
- Det er gjerne behov for å utføre stellet på ei operasjonsstove.
Ein er avhengig av god overvaking og trygge rammer når ein nyttar sedasjon/narkose. Det er og nødvendig å klargjere store mengder materiell til stell og bandasjar. Det trengs då gjerne opp mot ein halv time med forberedande arbeid før sjølve sårskiftet kjem i gang.
Ved Brannskadeavdelinga har vi muligheit for å gje narkose på det rommet der pasienten befinn seg resten av døgeret. For pasientar som ligg ved andre avdelingar på Haukeland har vi og muligheit for å utføre sårstell på eit sårstellsrom inne på Brannskadeavdelinga. Avdelinga har eigne anestesilegar og anestesisjukepleiarar som tek vare på og overvakar pasienten i samband med narkose og sedasjon.