Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Skabb

Skabb er ein midd som legg egg og lagar små gonger i det øvste hudlaget. Tilstanden er ufarleg, men gir eit hudutslett som klør kraftig. Skabb forsvinn ikkje av seg sjølv, og skal alltid behandlast med krem eller ein kombinasjon av krem og tablettar.

Skabb er et sterkt kløende hudutslett som skyldes skabbmidd. Kløen er ofte verre om natten og når du er varm. Skabb forsvinner ikke av seg selv, og skal alltid behandles.

Les meir på helsenorge.no

Skabb kan smitte ved direkte hudkontakt, seksuell kontakt og i nokre tilfelle via tekstil. Midden trivst best i eit varmt miljø, til dømes i ei seng.

Det vanlegaste symptomet er sterk kløe. For dei fleste blir kløen verre på kvelden og om natta. Kløen startar som regel 4-5 veker etter smitte. Ein kan ikkje sjå sjølve skabbmidden utan mikroskop. Dei fleste som har skabb får eit raudt utslett, oftast mellom fingrane, handledda, olbogane, midja, på låra og kjønnsorgana.

Ved mistanke om skabb bør du kontakte lege. Alle nærkontaktane dine bør behandlast samtidig med deg, sjølv om dei ikkje klør. Som nærkontakt blir rekna alle i husstanden, og andre du har delt seng, handkle og liknande med. I tillegg til eigenbehandling, bør du gjere tiltak i heimen for å hindre ny smitte.

Før

Det er lurt å planlegge behandlinga godt og sette av tid til det du må gjere heime for å hindre smitte på nytt.

Må nærkontaktar behandlast?

Personar du har nærkontakt med bør behandlast, sjølv om dei ikkje klør. «Nærkontaktar» i denne samanhengen betyr alle i husstanden og andre du har delt seng, handkle og liknande med. Alle i husstanden bør ta behandling samtidig. Dette gjeld også viss du bur i kollektiv.

Kva skal gjerast i heimen?

Skabb døyr etter 6 døgn utan kontakt med hud, men også om han blir utsett for svært høg temperatur. Her er råd for å hindra smitte på nytt:

  • Vask alt av klede, handkle, sengetøy, kosedyr, pledd, dyner og puter du har vore i kontakt med dei siste 7 dagane på 60 grader. Tekstil som ikkje toler vask på 60 grader skal leggast vekk i 7 dagar i romtemperatur.
  • Ta mobildekselet av mobilen og legg det bort i 7 dagar.
  • Sko som har vore i bruk den siste veka set du bort i 7 dagar. Hugs at dette også gjeld for sports- og arbeidssko.
  • Støvsug seng og madrass som eit minimum. Snu overmadrassen eller dekk madrassen med plast. Alternativt kan du la vêr å bruke madrassen i 7 dagar.
  • Sofa, kontorstol og bilsete skal støvsugast grundig eller dekkast med plast. Alternativt kan du la tekstilmøblar stå ubrukt i 7 dagar.
  • Frysing av klede, tekstilar og sko kan vurderast, men effekten av frysing avheng av temperatur, tid og kor tettpakka tinga som skal frysast er. For å oppnå effekt må gjenstandane vere gjennomfrosne i 24 timar ved låg temperatur (-18 grader), og tinga må ikkje vere for tett pakka.

Under

Sjå framgangsmåten for det legemiddelet legen din har vurdert som best eigna for deg.

Permetrinkrem får du kjøpt reseptfritt på apoteket. Barn over 2 månader og gravide kan også bruke Permetrinkrem.

Følg prosedyren under punktvis:

  • Klipp og reingjer neglene.
  • Dusj og tørk hår og hovudbotn med ein hårføner.
  • Smør eit tynt lag liniment over heile kroppen, inkludert hovudbotn og ansikt. Hugs å smøre nøye mellom fingrar og tær, under negler, armholene, inni alle krokar i øyrene, rygg, navle, brystvorter, kjønnsorgana og rundt endetarmsopninga (anus).
  • Hos menn: smør under forhud og på glans penis. Ved svie på glans penis, kan du alternativt bruke Permetrin krem her.
  • Hos kvinner: Smør alle område med hårvekst genitalt, også mellom dei ytre kjønnsleppene. Du skal ikkje smøre på slimhinner.
  • Du må ha nok krem til å dekke heile kroppen. Det kan vere behov for å bruke fleire tubar per person, avhengig av hårvekst og storleik på kroppen. Du treng også ekstra krem til «ettersmøring» ved toalettbesøk og handvask.
  • Etter du har smurt deg inn tek du på deg reint undertøy/nattøy og du skal ha på deg dette tøyet i 24 timar.
  • Bruk bomullshanskar heile tida under behandlinga. Du skal aller helst unngå handvask og du kan ta plasthanskar over bomullshanskane ved toalettbesøk og handvask.
  • Dersom du MÅ vaske hendene i løpet av behandlinga, må hendene smørast inn på nytt, men då berre 1 gong.
  • Etter 24 timar skal du dusje eller bade og du byter tøy og sengetøy.
  • Gjenta behandlinga med Permetrinkrem etter 7 dagar. Følg same prosedyre.

Du får kjøpt «Benzylbenzoat» liniment reseptfritt på apoteket. Barn i alderen 2-7 år skal bruke ei fortynna oppløysing. Behandlinga blir utført i samråd med lege. Gravide bør nytte «Permetrin krem». Ver merksam på at Benzylbenzoat har ei sterk lukt.

Følg prosedyren under punktvis:

  • Klipp og reingjer neglene.
  • Dusj og tørk hår og hovudbotn med ein hårføner.
  • Smør eit tynt lag liniment over heile kroppen, inkludert hovudbotn og ansikt.
  • Hugs å smøre nøye mellom fingrar og tær, under negler, armholene, inni alle krokar i øyrene, rygg, navle, brystvorter, kjønnsorgana og rundt endetarmsopninga (anus).
  • Hos menn: smør under forhud og på glans penis. Ved svie på glans penis, kan du alternativt bruka Permetrin krem her.
  • Hos kvinner: Smør alle område med hårvekst genitalt, også mellom dei ytre kjønnsleppene. Du skal ikkje smøre på slimhinner.
  • Smøringa skal gjentakast totalt 3 gonger med Benzylbenzoat, med ei tørketid på 5 minutt mellom kvar smøring. Du må ha nok liniment til å dekke heile kroppen. Det kan vere behov for å bruke fleire flasker per person, avhengig av hårvekst og storleik på kroppen. Du treng også ekstra liniment til «ettersmøring» ved toalettbesøk og handvask.
  • Etter du har smurt deg inn tek du på deg reint undertøy/nattøy og du skal ha på deg dette tøyet i 24 timar.
  • Bruk bomullshanskar heile tida under behandlinga.
  • Du skal aller helst unngå handvask og du kan ta plasthanskar over bomullshanskane ved toalettbesøk og handvask. Dersom du MÅ vaske hendene i løpet av behandlinga, må hendene smørast inn på nytt, men då berre 1 gong.
  • Etter 24 timar skal du dusje eller bade og du byter tøy og sengetøy.
  • Gjenta behandlinga med Benzylbenzoat etter 7 dagar. Følg same prosedyre.

Du får kjøpt «Benzylbenzoat» liniment reseptfritt på apoteket. Barn i alderen 2-7 år skal bruke ei fortynna oppløysing. Behandlinga blir utført i samråd med lege. Gravide bør nytte Permetrinkrem (Nix©). Ver merksam på at Benzylbenzoat har ei sterk lukt. Legen din har bestemt at du i tillegg til Benzylbenzoat også skal bruke Ivermektintablettar.

Følg prosedyren under punktvis:

  • Klipp og reingjer neglene.
  • Dusj og tørk hår og hovudbotn med ein hårføner.
  • Smør eit tynt lag liniment over heile kroppen, inkludert hovudbotn og ansikt.
  • Hugs å smøre nøye mellom fingrar og tær, under negler, armholene, inni alle krokar i øyrene, rygg, navle, brystvorter, kjønnsorgana og rundt endetarmsopninga (anus).
  • Hos menn: smør under forhud og på glans penis. Ved svie på glans penis, kan du alternativt bruke Permetrin krem her.
  • Hos kvinner: Smør alle område med hårvekst genitalt, også mellom dei ytre kjønnsleppene. Du skal ikkje smøre på slimhinner.
  • Smøringa skal gjentakast totalt 3 gonger med Benzylbenzoat, med ei tørketid på 5 minutt mellom kvar smøring. Du må ha nok liniment til å dekke heile kroppen. Det kan vere behov for å bruke fleire flasker per person, avhengig av hårvekst og storleik på kroppen. Du treng også ekstra liniment til «ettersmøring» ved toalettbesøk og handvask.
  • Du skal bruke Ivermektintablettar samtidig som behandlinga med Benzylbenzoat. Du skal ikkje ete to timar før og to timar etter inntak av tablettane. Du kan drikke vatn.
  • Etter du har smurt deg inn tek du på deg reint undertøy/nattøy og du skal ha på deg dette tøyet i 24 timar.
  • Bruk bomullshanskar heile tida under behandlinga.
  • Du skal aller helst unngå handvask og du kan ta plasthanskar over bomullshanskane ved toalettbesøk og handvask. Dersom du MÅ vaske hendene i løpet av behandlinga, må hendene smørast inn på nytt, men då berre 1 gong.
  • Etter 24 timar skal du dusje eller bade og du byter tøy og sengetøy.
  • Gjenta behandlinga med Benzylbenzoat og Ivermektintablettar etter 7 dagar. Følg same prosedyre.

Permetrinkrem får du kjøpt reseptfritt på apoteket. Barn over 2 månader og gravide kan også bruke Permetrinkrem. Legen din har bestemt at du i tillegg til Permetrinkrem også skal bruke Ivermektintablettar.

Følg prosedyren under punktvis:

  • Klipp og reingjer neglene.
  • Dusj og tørk hår og hovudbotn med ein hårføner.
  • Smør eit tynt lag liniment over heile kroppen, inkludert hovudbotn og ansikt.
  • Hugs å smøre nøye mellom fingrar og tær, under negler, armholene, inni alle krokar i øyrene, rygg, navle, brystvorter, kjønnsorgana og rundt endetarmsopninga (anus).
  • Hos menn: smør under forhud og på glans penis. Ved svie på glans penis, kan du alternativt bruke Permetrin krem her.
  • Hos kvinner: Smør alle område med hårvekst genitalt, også mellom dei ytre kjønnsleppene. Du skal ikkje smøre på slimhinner.
  • Du må ha nok krem til å dekkja heile kroppen. Det kan vere behov for å bruke fleire tubar per person, avhengig av hårvekst og storleik på kroppen. Du treng også ekstra krem til «ettersmøring» ved toalettbesøk og handvask.
  • Du skal bruke Ivermektintablettar samtidig som behandlinga med Permetrinkrem. Du skal ikkje ete to timar før og to timar etter inntak av tablettane. Du kan drikke vatn.
  • Etter du har smurt deg inn tek du på deg reint undertøy/nattøy og du skal ha på deg dette tøyet i 24 timar.
  • Bruk bomullshanskar heile tida under behandlinga.
  • Du skal aller helst unngå handvask og du kan ta plasthanskar over bomullshanskane ved toalettbesøk og handvask. Dersom du MÅ vaske hendene i løpet av behandlinga, må hendene smørast inn på nytt, men då berre 1 gong.
  • Etter 24 timar skal du dusje eller bade og du byter tøy og sengetøy.
  • Gjenta behandlinga med Permetrinkrem og Ivermektintablettar etter 7 dagar. Følg same prosedyre.

Etter

Kan eg vere sikker på at eg ikkje lenger har skabb?

Det er vanleg å klø i fleire veker, sjølv om behandlinga har vore effektiv. Dersom du klør mykje etter avslutta behandling, kan du dusje med olje og bruke ein fuktkrem. Du kan også bruke ei svak kortisonsalve som finst reseptfritt på apotek. Dersom du mistenker at du ikkje har vorte frisk, må du oppsøke lege på nytt.

Har du spørsmål, kontakt fastlegen din eller les meir om skabb på Folkehelseinstituttet sine nettsider.



Sist faglig oppdatert 18.09.2024

Kontakt

Hudbygget Hudavdelinga

Kontakt Hudavdelinga

Oppmøtestad

Hudbygget på Haukelandsområdet, Jonas Lies vei 73

En stor murbygning

Hudbygget

Jonas Lies vei 73

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

​Det er parkering utanfor Hudbygget på sjukehusområdet, innkøyring ved Haukeland hotell. Det er begrensa parkeringsplassar, og vi tilrår at du brukar offentleg transport til og frå undersøkinga/behandlinga om mogleg. Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan bruke offentleg transportmidlar, må du få godkjenning av behandlar på at du skal få drosje (samkøyring). Sjå nettsida Forside - Pasientreiser HF  for meir informasjon eller ring 05515.

Om du ønskar å kjøyre sjølv og vil parkere på sjukehusområdet, gjer vi merksam på at det er nokre få parkeringsplassar mot parkeringsavgift utanfor Hudavdelinga. Pasientar som er innlagt i minimum 7 dagar kan få tilbod om å kjøpe parkeringskort for kr 350,- pr veke. Snakk med postsekretær i sengeposten om dette.

Praktisk informasjon

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.