Diagnose

Skulder, frosen skulder

Ved frosen skulder oppstår ein betennelse i leddhinna/kapselen i skuldra. Leddhinna/kapselen blir forstørra og dette gir tronge forhold i skulderleddet. Tilstanden kan oppstå utan kjend årsak, etter skade eller operasjon.

Frosen skulder (frozen shoulder) er ein tilstand som gir langvarige smerter og nedsett rørsle i skuldra. Smertene kjem ofte snikande, og kan vare i eit år. Stivleiken kan vare lenger. Sjølv om tilstanden er smertefull, går den nesten alltid over av seg sjølv.

Les meir på helsenorge.no

Forløpet har tre fasar; første fase blir kjenneteikna av smerte, andre fase av stivleik og i tredje fase blir skulderfunksjonen gradvis normal.

Hos dei fleste vil plagene gå over av seg sjølv innan 3 år, utan anna behandling enn smertelindring og eventuelt fysioterapi. Nokre pasientar har svært sterke plager og ein livssituasjon som gjer det vanskeleg å vente til tilstanden går over av seg sjølv. Operasjon eller ultralydrettleia kapselsprenging kan då vere aktuelt. Pasientar med sterke plager eller stivleik kan ha god nytte av behandling med kortison.

Tilvising og vurdering

Fastlegen tilviser deg til ortoped.

Før

Når du er tilvist på grunn av frosen skulder, blir du kalla inn til undersøking hos ortoped.

Hos ortopeden går du gjennom ei grundig klinisk undersøking. Ortopeden vurderer behov for tilleggsundersøkingar som for eksempel røntgen, ultralyd eller MR. Basert på funn i undersøking og samtale, vil de bli einige om vidare plan for behandlinga.

Dersom ortopeden anbefaler operasjon kan det vere ventetid. I denne perioden er det ein fordel at du held fram med behandling hos fysioterapeut eller gjer øvingar på eigenhand, men unngå smertefulle tøyingar. Føremålet med behandlinga er å redusere smerte, vedlikehalde rørsle og førebu deg til operasjon.

Så snart du har fått dato for operasjon, bør du bestille time hos fysioterapeut, slik at du har ein timeavtale dei første dagane etter heimreise.

Under

Operasjonen skjer ved kikholskirurgi (artroskopi). Betent vev og bein som lagar dårlege plassforhold i leddet kan fjernast. Kva for deler av leddkapselen som blir fjerna eller kutta avheng av kor det er stramt. Operasjonen varer i om lag ein halv time. Dei fleste pasientane blir verande på sjukehuset i nokre dagar for smertelindring og intensiv trening av beveging i skuldra.

Du får vanlegvis ingen restriksjonar og treng ikkje fatle. Beskjedar som blir givne i operasjonsbeskrivinga skal alltid følgjast.

Om du har fått bedøving i heile armen må du gi beskjed når bedøvinga byrjar å gå ut. Det er viktig at du bruker smertestillande den første tida så du held deg i aktivitet og får gjort øvingane.

Etter

Dagen etter operasjonen kjem fysioterapeut til deg for å tøye skuldra, gjennomgå eigentreningsprogram og gi informasjon. Du skal starte opptrening hos fysioterapeut så raskt som mogleg etter heimreise.

Tett oppfølging av fysioterapeut og mykje eigentrening er heilt nødvendig for å få eit godt resultat etter operasjonen. Ved behov får du resept på smertestillande når du reiser frå sjukehuset.

Arbeidssituasjon og omfang av plagar bestemmer lengda på sjukmeldinga. Vanlegvis skriv ortopeden ut den første sjukemeldinga og fastlege kan forlenge denne ved behov.

Etter operasjonen blir du kalla inn til kontroll hos ortoped.

Ver merksam

Sårinfeksjon er ein sjeldan komplikasjon etter operasjon. Ta kontakt med sjukehuset dersom du opplever følgjande symptom:

  • feber
  • frostanfall
  • sår som er raude eller at det kjem puss frå såra

Kontakt

Haukeland Ortopedisk klinikk

Kontakt Ortopedisk klinikk

Oppmøtestad

Behandlinga blir utført ved fleire ulike avdelingar under Ortopedisk klinikk; Ortopedisk avdeling Haukeland, Kysthospitalet i Hagevik og Voss sjukehus. Sjå klinikkens nettside for kontaktinformasjon til dei ulike avdelingane.
Flyfoto av Haukelandsområdet

Haukeland

Haukelandsveien 22

5009 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Daglegvarebutikkar i nærområdet:

Rema1000 Haukelandsveien
Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: kl. 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 06.30 - 23.00 

Kiwi Kronstad
Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 08.00 - 23.00

Bunnpris Møllendalsbakken
Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
Måndag - fredag: kl. 08.00 - 23.00
Laurdag: kl. 08.00 - 22.00
Søndag: kl.  08.00 - 23​.00 

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Vi råder deg til å la verdisakane ligge att heime då sjukehuset ikkje har forsikringsordningar som dekker tap av personlege ting. Fleire pasientar blir sendt direkte til sjukehuset og vi bruker verdiposar til oppbevaring av kontantar, bankkort og mobiltelefon for dei som har behov for det.