Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Undersøking

Ete‐ og svelgjeundersøking (dysfagiundersøking)

Undersøkinga blir gjord for å finne ut om du greier å svelgje trygt. Først undersøkjer vi om du kan bevege på lepper, tunge og kjeve, og om du greier å hoste. Du skal svelgje nokre skeier vatn og til slutt drikke eit halvt glas vatn.

Før

Undersøkinga krev ingen førebuingar. Er du svært trøytt eller dersom du fastar til anna undersøking, vil undersøkinga bli utsett.

Under

Du skal sitje godt oppreist i ein stol, eventuelt sitje med rett rygg i seng. Du skal vise om du kan bevege på tunga, sleikje deg rundt munnen, svelgje eige spytt og om du kan hoste.

Deretter får du ei teskei vatn tre gonger. Dersom det går greitt, får du også drikke frå eit glas med vatn. Medan du svelgjer vil den som testar kjenne på rørslene i halsen din. Du kan også bli beden om å svelgje vatn med fortjukkingsmiddel (dette kan vere lettare for nokon).

Undersøkinga gjer ikkje vondt. Det kan vere ubehageleg dersom du svelgjer feil og får vatn i vrangstrupen, men det er ikkje farleg i så små mengder.

Etter

Du får ei oppsummering av undersøkingsresultata same dag.

Dersom du har ete‐ og svelgjevanskar vil du få vidare oppfølging frå oss.

Det kan vere at du blir tilrådd å ete mat som er lett å tyggje, og å bruke fortjukkingsmiddel i drikke. Dersom undersøkinga viser at du har store svelgjevanskar, vil vi kanskje leggje ned ein sonde i matrøyret ditt, slik at du får i deg nok næring.

Ver merksam

Det kan vere ubehageleg dersom du svelgjer feil og får vatn i vrangstrupen, men det er ikkje farleg i så små mengder som blir brukte i undersøkinga.

Kontakt

Gamle hovedbygg Logopedtenesta

Kontakt Logopedtenesta

Oppmøtestad

Logopedtenesta tek i mot henvisingar frå alle avdelingar på sjukehuset som har vaksne pasientar med språk- og kommunikasjonsvanskar, stemmevanskar og svelgevanskar som har oppstått etter sjukdom eller skade.

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

Praktisk informasjon

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling