Diagnose

Spiseforstyrringar hos barn og unge - pakkeforløp

Spiseforstyrring er ei fellesnemning for fleire tilstandar med forstyrra spisemønster og med ulik grad av alvor og årsakssamanheng. Dei mest kjente tilstandane er anoreksi, bulimi og overspisingsliding.

Pakkeforløp skal bidra til at du får heilskapleg hjelp utan unødvendig ventetid. I pakkeforløpet legg vi til rette for at du skal få vere med å bestemme i avgjerder om di behandling, og for at behandlinga skal vurderast undervegs.

Kva er pakkeforløp for psykisk helse? Les meir på helsenorge.no

Felles for spiseforstyrringar er ei forstyrra kroppsoppleving med subjektiv oppleving av fedme, og ei sterk drivkraft for å gå ned i vekt.

For barn og unge kan symptom på spiseforstyrring vere annleis enn hos vaksne. Ved mistanke om spiseforstyrringar er det viktig å vere merksam på om barnet følgjer sin tidlegare utviklingskurve (persentil) for høgde og vekt og viser normal pubertetsutvikling.

Det er viktig at sjukehuset etablerer eit kontinuerleg samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar i kommunen og primærhelsetenesta, som skolen, helsesjukepleiar, fastlege, barne- og familietenesta, pedagogisk psykologisk teneste (PPT) og andre kommunale instansar.

Det finst fleire ulike behandlingsformer for spiseforstyrringar. Kunnskapsbasert behandling for anoreksi hos barn og ungdom inkluderer familieterapi og individuell kognitiv atferdsterapi. For bulimi og overspisingslidingar tilrår vi ernæringsrettleiing, medisinering, støttegrupper, kognitiv atferdsterapi og interpersonleg psykoterapi.

Tilvising og vurdering

For å få utgreiing og / eller behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Lege, psykolog og barnevernet kan tilvise barn og ungdom til psykisk helsevern for barn og unge (BUP).

Spesialisthelsetenesta vil då på bakgrunn av prioriteringsrettleiar for psykisk helsevern for barn og unge avgjere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta. Tilvisingar skal bli vurderte innan 10 verkedagar.

Alle tilvisingar skal som hovudregel bli vurdert i poliklinikk, men om innlegging blir vurdert som nødvendig bør pasienten bli lagt inn som øyeblikkeleg hjelp. Alle tilvisingar om øyeblikkeleg hjelp bør skje gjennom fastlege eller via legevakt.


Informasjon frå Helsedirektoratet:

Pakkeforløp ved spiseforstyrringar hos barn og unge 

Utgreiing

Når tilvisinga er vurdert og det er rett til nødvendig helsehjelp, vil du bli kalt inn til ein inntakssamtale, saman med dine føresette (om du er under 16 år). Vi anbefaler at du er i følgje med dine føresette, også når du er i alderen 16-18 år.

Ein grundig somatisk og psykiatrisk vurdering er nødvendig for rett behandling på rett omsorgsnivå. Utgreiinga og vurderinga heng nøye saman med behandlinga. På bakgrunn av tilvising og inntakssamtalen vil det bli utarbeidd ein utgreiingsplan som vil bli lagt fram for deg eventuelt saman med dine føresette.

Utgreiinga vil som oftast vere:

  • Informasjon (kartlegging) om sjukdomshistoria (anamnese inkludert familieanamnese)
  • Relevante intervju og testar
  • Relevante skjema som du og ev. føresette / andre fyller ut (sjølvrapporteringsskjema)
  • Somatisk utgreiing (legeundersøking, blodprøver, ev. andre supplerande undersøkingar ved behov)

I nokre tilfelle kan det bli aktuelt med innlegging på sjukehus. Etter endt utgreiing vil vi konkludere med ein heilskapleg vurdering, diagnose og tiltak.

Behandling

Dei fleste pasientane blir som regel tilvist til ein BUP. Ein BUP er ein poliklinikk, eller enklere sagt ein stad der barn, ungdom og foreldra deira får tilbod om hjelp med psykiske vanskar. På BUP vert ingen lagt inn. Pasientar kjem til samtalar til avtalt tid, og går heim igjen etter samtalen.

På BUP vil du få utgreiing, og om det er relevant vil du få tilbod om behandling frå eit spesialteam for spiseforstyrringar, eller frå ein sjukehusavdeling. I samråd med deg og ev. føresette, vil vi utarbeide ein behandlingsplan.

Dersom utgreiing og behandling i poliklinikk ikkje er tilstrekkeleg, og ein ikkje opplever god nok betring av tilstanden, vil det vere aktuelt å vurdere andre tilnærmingar herunder høgare intensitet i behandlinga eller eit anna behandlingsnivå (innlegging i døgneining på sjukehus). Ein innlegging skjer som regel ut i frå behov for øyeblikkeleg hjelp der allmenntilstanden er dårleg. Innlegginga blir som oftast planlagd saman med behandlar, slik at dette skjer på best mogleg måte.

Familieinnlegging i ein avgrensa periode er eit alternativ til døgninnlegging av barnet / ungdommen aleine, særleg når pasienten er under 16 år. Då kan ein sette saman eit behandlingsteam frå ulike einingar.

Behandlinga vil som oftast bestå av psykoterapeutisk behandling. Psykoterapi betyr behandling av psykiske lidingar ved hjelp av psykologiske metodar, vanlegvis basert på samtalar.

Aktuelle terapimetodar

I spesialisthelsetenesta er det krav om å tilby kunnskapsbaserte terapiformer. Ved anoreksi er førstevalet familiebasert terapi (FBT) for barn og ungdom. Der pasienten er tilstrekkeleg motivert for individuelle samtalar kan kognitiv atferdsterapi for spiseforstyrringar (KAT S) vere aktuelt. I nokre tilfelle kan det også vere aktuelt med andre tilnærmingar. Ved bulimi har KAT S, FBT, sjølvhjelp og medikamentell behandling vist seg å kunne ha effekt.

Familiebasert terapi (FBT)
Familiebasert terapi skjer gjennom regelmessige møte med heile familien. Behandlinga har tre ulike fasar. Første fase har som mål å få i gang gjenoppretting av vekttap der initiativ og kontroll som oftast ligg hos behandlarar og føresette. I andre fase blir meir av ansvaret overført til pasienten sjølv, men i takt og samsvar med tilfredsstillande vektauke og reduserte symptom. I siste fase tar ein for seg resterande og relevante problemstillingar med mål om auka sjukdomsinnsikt, og for å førebyggje eit seinare tilbakefall. Dette gir rom for fleire individuelle møte med ungdom i tillegg til familiearbeidet.

Kognitiv terapi for spiseforstyrringar (KAT S)
Grunntanken i kognitiv terapi er at tankar, følelsar og handlingar påverkar kvarandre. Fokus i denne behandlingsmetoden er at terapeuten og pasienten ser nærmare på innhaldet i tankane og testar ut nye måtar å tenkje om og møte problema på.

Evaluering
Vi vil jamnleg gå gjennom framdrift og di oppleving av både behandling og kontakt med oss. Det er viktig at det er god dialog mellom deg og din behandlar, og at behov og ønske blir diskutert slik at eventuelle behandlingsmål og metode kan justerast.

Kliniske studiar

2 kliniske studiar er opne for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.

Sjå fleire kliniske studiar

Oppfølging

Når stabil fysisk helse, normal vekt og god psykologisk funksjon er nådd, vil vi diskutere avslutning med deg og dine føresette. Dersom vi vurderer at det vil vere behov for vidare oppfølging i kommunehelsetenesta eller behandling og oppfølging utover fylte 18 år, vil vi sørgje for å vidareformidle til riktig instans.

Epikrise skal vere sendt tilvisande instans innan 7 dagar etter avslutning.


Kontakt

  • Ventetid: 8 uker

    Kontakt BUP Fana

    Oppmøtestad

    Vi held til i Østre Nesttunveg 20.

     

    Østre Nesttunvei 20

    Transport

    ​Nærmaste stoppestad er Nesttun terminal.
    Rutetabellar finn du på Skyss.no.

    Ventetid

    8 uker til poliklinisk utredning/behandling

    8 uker til poliklinisk utredning/behandling

  • Kontakt BUP Nordhordland

    Oppmøtestad

    4. etasje i Region Nordhordaland Helsehus (RNH) på Knarvik. 

     

    Kvassnesvegen 44, Knarvik

    Kvassnesvegen 44, 5914 Isdalstø

    Transport

    ​Det er parkering for pasientar og besøkande i parkeringsanlegg under helsehuset. Her er det om lag 100 parkeringsplassar, der 70 av desse kan nyttast av pasientar og besøkande. Det er 3 timar gratis parkering (SesamSesam) for pasientar i parkeringskjellaren under helsehuset. Parkeringssystemet Sesam Sesam nyttar skiltgjenkjenningssystem der eit kamera les av bilskilta ved inn- og utkøyring.​


  • Kontakt BUP Sentrum

    Oppmøtestad

    Vi held til i 3. etasje i Østre Murallmenning 7.

     

    Østre Murallmenningen 7

    Østre Murallmenningen 7

    5012 Bergen

    Praktisk informasjon

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 
  • Kontakt BUP Voss

    Oppmøtestad

    Knutepunktet Voss, Gurid Almenningens Plass 1, 5700 Voss

     

  • Ventetid: 8 uker

    Kontakt BUP Ytrebygda

    Oppmøtestad

    BUP Ytrebygda er samlokalisert med BUP Fana i Østre Nesttunvei 20.

     

    Østre Nesttunvei 20

    Transport

    ​Nærmaste stoppestad er Nesttun terminal.
    Rutetabellar finn du på Skyss.no.

    Ventetid

    8 uker til poliklinisk utredning/behandling

    8 uker til poliklinisk utredning/behandling

  • Kontakt BUP Øyane

    Oppmøtestad

    BUP Øyane held til i Helsehuset (vis-a-vis kommunehuset) i Blombakkane på Straume.

     

    Inngangsparti Øyane DPS. Foto

    Blombakkane 75

    Blombakkane 75

    5353 Straume

    Transport

    ​Det er gratis parkering for pasientar på plassen rett utanfor Øyane DPS. 

    ​Det går regelmessig buss til og frå Straume terminal på dagtid. Det er om lag 10-15 minutt å gå frå terminalen til våre lokale. 

    Sjekk ruteplanleggaren til Skyss for ruter, haldeplassar og avgangstider​

    Praktisk informasjon

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

    På formiddagen kan ein kjøpe ferdigsmurte rundstykke ved kantinene ved Øygarden medisinske senter eller Fjell sjukeheim. Det er også gangavstand til Sartor Storsenter som har eit variert tilbod av mat og servering.

  • Kontakt BUP Åsane

    Oppmøtestad

    BUP Åsane har adresse Heiane 4 B, 3. etasje. Inngang på østsida av bygget.

     

    Heiane 4 B, Åsane

    Heiane 4 B

    5131 Nyborg

  • Kontakt Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)

    Oppmøtestad

    Våre einingar held til på forskjellige plassar. Sjå din oppmøtestad ved å klikke på lenka til eininga i oversikta underliggande einingar. 

    Klinikken sin administrasjon held til i Glasblokkene, blokk 1, 3. etasje.

Kurs

  • Spiseforstyrringar pårørandeseminar
    Vi vet at det å jobbe seg ut av en spiseforstyrrelse er en tøff prosess, som ofte tar tid. Pårørende vil gjerne støtte, men er ofte usikre på hvordan de kan være til hjelp. Velkomment til seminar med informasjon og samtaler om spiseforstyrrelser.
    Spiseforstyrringar pårørandeseminar
    22.
    november
    2024
    Fleire datoar