Endobronkial brakyterapi
Strålebehandling av luftvegane, innvendig stråling
Endobronkial brakyterapi er ei planlagd innvendig, lokal strålebehandling av luftvegane der ein plasserer strålekjelda ved hjelp av bronkoskopi.
Behandlinga er aktuell der svulstvev veks i veggen / slimhinna i sentrale luftvegar.
Målet er vanlegvis å krympe svulstvevet for å føregyggje at det blir tronge forhold i dei store luftvegane, og unngå forverring av tung pust. Ved små slimhinneforandringar kan ein oppnå ein meir varig effekt.
Nasjonal behandlingsteneste
Nasjonal behandlingsteneste for endobronkial brakyterapi er lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Tenesta har blitt utført som eit samarbeid mellom Lungeavdelinga og Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk sidan 2000, og har fått status som nasjonal behandlingsteneste frå 2018.
Vi behandlar både primær lungekreft og metastasar (spreiing) frå andre kreftformer der svulsten er antatt å vere strålefølsam. Granulasjonsvev (arrvevsdanning) og plagsam hemoptyse (blodig oppspytt) kan også ha nytte av denne behandlinga. Behandlinga blir gitt poliklinisk, det vil seie at ein treng ikkje å vere innlagt på sjukehus under behandlinga.
Kva går behandlinga ut på?
Ved endobronkial brakyterapi blir det gitt innvendig strålebehandling i sentrale luftvegar. Strålinga verkar lokalt og treng berre 1 cm ned i djupet av vevet. Derfor er denne behandlinga best eigna for pasientar med lokal tumorvekst i bronkialvegg og -slimhinne.
Behandlinga gir lite sidestråling til friskt vev, og kan bli gitt sjølv om pasienten tidlegare har fått maksimal dose utvendig stråling. Behandlinga blir utført ved bronkoskopi på stråleterapirom. Pasienten er vaken, men får bedøving lokalt i luftvegane samt beroligande og hostedempande medikament. Prosedyra blir utført 3 ganger med ca. 1 dag i mellom.
Tilvising og vurdering
Pasientane blir vanlegvis tilvist frå spesialisthelsetenesta der dei er under oppfølging for kreftsjukdommen sin, og der det er sett svulstvev i sentral luftveg ved CT-undersøking av bryst (thorax) og / eller ved bronkoskopi.
Det er lungelege ved behandlingstenesta som vurderer tilvisinga og avgjer om pasienten er eigna for behandling.
Før
Pasienten møter i Lungeavdelinga sin dagpost for blodprøvar og innskrivingssamtale med sjukepleiar og lege. Medikamentliste må medbringast. Om behandlinga skal starte same dag, skal pasienten vere fastande i 4 timar, men kan ta faste medisinar med litt vatn. Ved bruk av blodfortynnande medisinar utover Albyl E, vil vi avtale individuelt om desse skal stoppast nokre dagar.
Etterpå vil pasienten bli følgt til behandlingsrommet.
Under
Behandlinga blir innleia med bronkoskopi på stråleterapirom. Under behandlinga vil det vere legar og sjukepleiarar frå Lungeavdelinga til stades saman med strålefysikarar, onkolog og radiografar som samarbeidar om prosedyren.
Pasienten vil bli kopla opp med overvakingsutstyr som følgjer med blodtrykk, puls og oksygenmetning, og det blir lagt inn venflon på armen.
Bronkoskopi blir gjennomført med lokalbedøvande spray i svelg og luftveg, samt beroligande medikament intravenøst. Området som skal strålebehandlast blir identifisert og markert under røntgengjennomlysing med 2 metalltrådar utanpå huda på brystkassa. Deretter førast ein applikator (2 mm tynt plastrøyr) gjennom bronkoskopet, og denne blir liggande igjen når bronkoskopet trekkast opp. Frå her er det veldig viktig at pasienten ligg heilt stille på bordet, og ikkje snakkar eller hostar før strålinga er ferdig.
Det tar vanlegvis 10-15 minutt for fysikar å teikne opp strålefeltet på datamaskinen. Det kan derfor bli litt venting, men personalet vil vere i rommet og kan fylle på med bedøving og ev. suge bort spytt / slim i svelget ved behov.
Applikator koplast på strålemaskinen og strålekjelda vandrar kortvarig ned til det området som skal strålast. Sjølve strålinga tar vanlegvis rundt 5 minutt. Dørane er lukka i denne tida og pasienten er aleine i rommet under video og lydovervaking. Etter strålinga blir applikator fjerna frå luftvegane og markørane tatt av brystkassa.
Behandlinga blir gjentatt til saman 3 ganger, vanlegvis med 1 dags intervall, for eksempel måndag - onsdag - fredag.
Etter
Etter behandlinga blir pasienten køyrd tilbake i seng til Lungeavdelingas dagpost for observasjon og kvile. Pasienten må fortsatt faste. Etter 2 timar blir det servert litt mat og drikke, og det blir gjort avtale for neste behandlingsdag før retur tilbake til pasienthotellet / heimstaden. Ein skal ikkje køyre bil sjølv same dag etter behandlinga.
Etter 3 behandlingar blir pasienten følgt opp på lokalt sjukehus som før. Vi anbefaler CT-undersøking og / eller bronkoskopikontroll etter ca. 6 veker, og vil gjerne ha tilbakemelding om resultatet.
Ver merksam
Om lag halvparten av pasientane som har vore til bronkoskopi kan få ein uspesifikk feberreaksjon på kvelden. Då kan ein ta paracet / febernedsettande. Dersom ein fortsatt har feber neste dag, bør ein ta kontakt med behandlar. Det same gjeld dersom ein er meir tungpusta, hostar blod eller føler seg dårleg.
Kontakt
Sentralblokka
Lungeavdelinga
Oppmøtestad
- Poliklinikk - Underetasjen i Sentralblokka
- Søvnpoliklinikken - Gamle hovedbygg 2. etg.
- Sengepostar - 5. etasje, Sentralblokka
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen