Vanleg svangerskapskvalme
Kvalmen er verst dei første 12 vekene. Etter kvart som svangerskapet utviklar seg, vil kvalmen minke. Kosthaldsendring (små, proteinrike måltid) og/eller reseptfri, kvalmestillande medisin kan hjelpe mot kvalmen. Spør fastlegen eller apotekpersonell om råd.
Alvorleg svangerskapskvalme
Nokre gravide (1–3 prosent) utviklar alvorleg svangerskapskvalme (hyperemesis gravidarum) som kan føre til væsketap (dehydrering), elektrolyttforstyrringar og ernæringssvikt, og det er ofte behov for behandling på sjukehus.
Intens kvalme og oppkast påverkar arbeidsevne og kapasitet til å delta i kvardagslege gjeremål og aktivitetar. Den mest frykta, men svært sjeldne komplikasjonen for mor, er hjerneskade på grunn av mangel på vitamin B1 (tiamin).
Fleire studiar har vist at barnet kan ha auka risiko for å bli fødd for tidleg eller bli fødd med låg fødselsvekt. Risikoen for dette er auka om kvinna ikkje får korrigert væske- og næringsinntaket. Det er derfor viktig at gravide med alvorleg svangerskapskvalme får behandling – og at dei følger behandlingsopplegget og råd frå lege/jordmor.
Tilvising og vurdering
Svangerskapskvalme kan bli gradert ved eit spørjeskjema som på norsk blir kalla SUKK – Svangerskapsutløyst Kvalme Kvantifisering (på engelsk heiter skjemaet PUQE) og inneheld tre spørsmål:
- Kor mange timar per døgn er du kvalm?
- Kor mange gonger har du brekt deg?
- Kor mange gonger har du kasta opp?
Høg skår betyr at du har alvorleg svangerskapskvalme.
Legen går gjennom Sukk-skjema med den gravide og graderer deretter svangerskapskvalmen som lett, moderat eller alvorleg. Vi undersøker også om det kan vere andre sjukdommar/faktorar som kan vere årsak til kvalmen.
For pårørande kan det vere vanskeleg å forstå kor sjuk ei kvinne med hyperemesis vere, men det er viktig at kvinna får god støtte av familie og venner og at ho føler at dei er der for henne. Angst, uro, ustabil partnar / heimesituasjon kan forverre tilstanden. Samtale med lege, jordmor eller anna kompetent helsepersonell kan vere til god hjelp for mange.