Diagnose

Systemisk lupus erytematosus SLE

SLE (systemisk lupus erytematosus) er ein kronisk betennelsessjukdom der kroppen sitt immunforsvar er overaktivt og dannar antistoff som er retta mot kroppen sitt eige vev. Sjukdommen høyrer inn under revmatiske sjukdommar kalla bindevevssjukdommar. SLE kan ramme nærmast alle vev i kroppen, slik som ledd, hud, nyrer, lunger og nervesystem.

SLE debuterer oftast i alderen 16 til 55 år og er mykje vanlegare blant kvinner enn menn. Sjukdommen førekjem hos mellom 1 og 25 av 100.000 i Europa, men er vanlegare blant afroamerikanarar og folk frå Asia.

Den direkte årsaka til SLE er ukjent, og mange ulike faktorar kan virke inn. Mykje tyder på at både arv, hormon, immunologiske årsaker og miljøfaktorar speler ei rolle.

Symptom og sjukdomsteikn
SLE kan gi symptom frå alle organ i kroppen. Ofte ser ein utslett i huda, særleg på område som er eksponert for lys. Muskel- og leddverk er vanleg, og det samme er nyrebetennelse. Mange kan oppleve sår i munnhola, og nokre opplever også håravfall. I tillegg vil ein kjenne seg trøytt og utmatta og nokre kan ha feber utan teikn til andre infeksjonar.

Utredning

Diagnosen blir sett på grunnlag av samtale om typiske symptom, vanleg klinisk undersøking, samt blodprøvar og eventuelt tilleggsundersøkingar av enkeltorgan. Legen spør gjerne om symptom som hudutslett, munnsår, hårtap, likfingre, leddsmerter og smerter når ein pustar.

Det er også vanleg å kartlegge medisinbruk, da enkelte medisinar i sjeldne tilfelle kan vere ein medverkande årsak til SLE. Det blir tatt ei rekke blodprøvar som for eksempel kan vise funn av antistoff, høg senking og lågt tal på kvite blodceller og blodplater. Urinprøve er ein del av rutineundersøkinga. I tillegg er det ofte nødvendig med røntgenbilde og vevsprøvar frå affiserte organ, som for eksempel hud eller nyre.

Behandling

Målet med behandlinga er å oppnå lågast mogleg sjukdomssaktivitet og hindre skade på indre organ. Det er viktig å verne seg godt mot sola ved å halde seg i skuggen og bruke solkrem med høg faktor, da ein veit at soleksponering kan forverre sjukdommen. Røykeslutt anbefalast.

SLE kan auke risiko for komplikasjonar under graviditet, derfor er det viktig at graviditet blir planlagd i ei roleg fase av sjukdommen, og i samråd med legespesialist.

Medikamentell behandling
Den medikamentelle behandlinga varierer frå person til person avhengig av kva organ som er hardast ramma av sjukdommen. Dei aller fleste som er sjuke med symptom frå hud, ledd og slimhinner blir satt på behandling med antimalaria-medisinen Plaquenil. Mange bruker i tillegg prednisolon i varierande doser. Om sjukdommen rammar indre organ, som for eksempel nyrer, kan fleire ulike immundempande medisinar og cellegift vere aktuelle.

Oppfølging

Pasientar med SLE får oppfølging av revmatologisk avdeling, eventuelt i samarbeid med nyreavdeling. Intervall mellom kontrollane varierer ut i frå kor aktiv sjukdommen er. Ved mild og godt kontrollert sjukdom er det nok med kontroll hos lege kvar 6.-12. månad.

Kontakt

Gamle hovedbygg Revmatologisk avdeling

Kontakt Revmatologisk avdeling

Oppmøtestad

3. etasje i Gamle hovedbygg på Haukeland

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

Transport

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Praktisk informasjon

Du betaler ingen ting når du er innlagt på sengepost ved avdelinga.

For polikliniske undersøkingar blir pasientane belasta med eigenandel. For tida er satsen 375 kr (jamfør poliklinikkforskrifta) og dette beløpet inngår i eigendelstaket. 

I tillegg til eigendelen kan du bli belasta for pasientbetaling (75 kr) for eventuelle bandasjar og bedøving som blir nytta ved undersøkinga/behandlinga. Pasientbetalinga på 75 kr er ikkje omfatta av eigendelsordninga.

Avdelinga tek ikkje imot betaling. Etter behandling vil du motta SMS der du kan velje betaling med Vipps eller faktura. 

Dersom du ikkje møter til tildelt time (eller avbestiller seinare enn 24 timar før avtalt tid) blir du belasta m​​ed 1125 kr (uavhengig om du har frikort eller ikkje.)

Les meir om eigendelar og betaling på sjukehus og poliklinikk på helsenorge.no

Vi ber deg ta med ei oversikt over medikamenta du eventuelt brukar. Resultatet av undersøkinga blir sendt til tilvisande lege og fastlege.

Skal du innleggast på sengepost må du ta med deg toalettsaker, tøy osv. Sjukehuset kan ikkje ta ansvar for verdiar, så vi ber om at ein ikkje tar med seg verdisaker ved innlegging.

Skal du til rehabilitering må du ta med deg treningstøy og badetøy.

​For å bli utredet/behandla ved Revmatologisk avdeling må ein tilvisast av lege. Når avdelinga har mottatt tilvising vil vi innan 10 verkedagar sende brev om ventetid og om det er aktuelt med poliklinisk undersøking eller opphald på sengepost.

Ved nyleg oppståtte akutte leddbetennelsar har poliklinikken tilbod om øyeblikkeleg hjelp.

Tilvisande lege tar då telefonisk kontakt med revmatolog på vakt for tildeling av akutt-time.  

Tilvisingar frå fastlege på nye pasientar blir behandla fortløpande og frist for start av helsehjelp blir gitt etter nasjonale retningslinjer etter kor alvorleg sjukdomen er. Vurderinga blir gjort på grunnlag av opplysingar i tilvisinga frå fastlegen.

Dersom du har fått tildelt time langt fram i tid og meiner at du burde få kortare frist, eller dersom du er blitt dårlegare i ventetida må du kontakte fastlegen din. Fastlegen kan ta kontakt med avdelinga for å føye til nye opplysningar og få framskunda timen.

Du kan følge med på forventa ventetid over kor lang tid dei lavest prioriterte pasientane maksimalt må vente. Gå inn på Helsedirektoratets sider: www.frittsykehusvalg.no.

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.