Heilt tett tårekanal (ikkje berre trong kanal). Ved operasjonen blir det laga eit hol gjennom nasebeinet og slimhinna blir sydd som kobling mellom tåresekken og naseslimhinna.
Utgreiing
Du kan ete normalt og ta vanlege medisinar.
UNNTAK:
Blodfortynnande medisinar Albyl-E, Plavix og Asasantin Retard skal ein ikkje ta 14 dagar før operasjon.
Marevan og Pradaxa skal ein ikkje ta siste veke før operasjon. Ein må ta fragminsprøyter i staden, eige opplegg med resept og eventuelt hjelp frå heimesjukepleiar ein gong dagleg veka før. Må avtalast når operasjon blir planlagd.
Pasientar som har hatt (sjølv om det er lenge sidan) hjerne- eller hjarteinfarkt, må diskutere dette med operatøren.
Viss du tar annan blodfortynnande medisin som ikkje er nemnd her, så må du også diskutere det med operatør.
Du må møte utan sminke, parfymar og større smykke.

Behandling
Sjukepleiar gir deg bedøvande droper i begge auga, og huda rundt auga blir desinfiserte. Du får tilbod om å ta beroligande tablett slik at du slappar godt av under inngrepet.
Området rundt auga blir dekte med steril duk. Legen vil sette lokal bedøving i nasen (spray og tøystrimmel), ved nasen og ved auget. Dette kan vere noko ubehageleg og du kan kjenne at det svir og pressar på, men etter ei lita stund kjenner du ingen smerter.
Operasjonen tar ca. 1,5 time, og det er viktig at du ligg roleg. Vi hjelper deg til rette undervegs.
Sting blir fjerna etter 7 dagar hos eigen fastlege eller eventuelt på augepoliklinikken.

Oppfølging
Operasjon gir heving og misfarging (gul/blå) av huda. Dette er heilt normalt og vil forsvinne etter 2-3 veker.
Operasjonsdagen må du ta det med ro. Ikkje snyte deg ut av nasen, berre dra slim inn og spytte, for elles kan det kome luft inn under huda. Dette gjeld i 4-5 dagar, deretter kan du snyte deg. Du bør helst sitte eller ligge med hovudet høgt. Den første natta bør du sove med hovudet høgt (fleire puter under hovudet). Det er ikkje tilrådeleg å køyre bil.
Ein kan ha nokre smerter/ubehag etter operasjon. Ta vanleg smertestillande, for eksempel Paracet.
Du bør ikkje bøye deg langt framover. Unngå hard fysisk aktivitet i ei vekes tid.
Unngå å klø og gni på huda og hold såra tørre. Ver forsiktig med dusj og hårvask slik at skyllevatn ikkje kjem i såret. Augesminke anbefaler vi ikkje før stinga er fjerna.
Viss du treng sjukemelding, får du det etter operasjonen.

Ver merksam
Bløding og infeksjon er sjeldan. Viss det likevel oppstår ei bløding du ikkje får stansa med kalde omslag, eller viss såret blir raudt, varmt og irritert, må du oppsøke lege eller ringe Augeavdelinga 55 97 41 00.
Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
Busstoppa rundt Haukeland:
Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
Ibsensgate - arbeidsruter
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Beklageleg er det avgrensa parkering utanfor avdelinga, men det finnast handicap-parkering der og det er mogeleg å sleppe nokon av. Parkeringsplassar finnast på Haukeland universitetssjukehus sitt hovudområde. Det er viktig at du bereknar god tid, slik at du kan finne ein parkeringsplass før timen hos oss.
Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offentleg transport. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland.
For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.
Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet. For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.
Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.