Tetrakirurgi, grep
Funksjonsforbedrande kirurgi i form av grepsrekonstrusjon kan tilbys pasientar med ryggmargsskade utan eller med redusert grep. Ein fungerande muskel blir flytta til ein muskel med svak eller tapt funksjon
Ein vil ikkje miste funksjon som tilhøyrer den fungerande muskelen (kalla donormuskel) då andre musklar vil ivareta bevegelsen. Ein kan rekonstruere både passive og aktive grep avhengig av tal på tilgjengelege donormusklar. Til dømes er brachioradialis ein av dei vanlegaste musklane vi nyttar som donormuskel.
Det er ein føresetnad at ein har stabilitet og kontroll over albogen for å kunne nytte seg av eit funksjonelt grep. Dersom ein ikkje har stabilitet og kontroll over albogen er det ein føresetnad at ein gjennomfører tricepsrekonstruksjon fyrst. Det er ikkje ein føresetnad å ha gjennomført nervetransferering på førehand.
Målet med grepsrekonstruksjon er å oppnå eit funksjonelt grep. Eit betre grep kan bidra til auka sjølvstende i ei rekke daglegdagse aktivitetar, til dømes: påkledning, personleg stell, måltidssituasjonar , bruk av pc / mobil etc.
Tilvising og vurdering
På primæroppholdet ved regional spinaleining blir det vurdert om du er aktuell for funksjonsforbedrande kirurgi og du blir informert om tilbodet. Dersom du er aktuell får du treffe tetrateamet som besøker spinaleiningane 2-3 gonger pr. år. På dette besøket blir du klinisk vurdert og får førespegla operasjonsdato.
Før
Før innlegging på Haukeland universitetssjukehus vert du kontakta av sjukepleiar ved Ortopedisk avdeling for blant anna informasjon vedrørande blære- og tarmfunksjon, generelt hjelpebehov, behov for spesialmadrass samt behov for følgje / personleg assistent.
Restriksjonane etter operasjonen kan føre til eit større hjelpebehov og / eller behov for ekstra hjelpemidler, og det er viktig å avklare dette på førehand. Du får køyre manuell rullestol, men ei handskinne du skal nytte etter operasjonen kan gjere dette vanskeleg. Dersom du har elektrisk rullestol og styringskonsollen er på den opererte sida, må den flyttast til motsett side. Forflytningsbrett / personløfter er andre hjelpemiddel som bør vurderast.
Under
Opphaldet på Ortopedisk avd. varer i ca. 5-6 dagar avhengig av reiseveg.
Søndag - Innlegging (måndag dersom du har kort reiseveg)
Måndag - Prepoliklinikk
Tysdag - Operasjon
Onsdag - Bytte fra gipslaske til skinne. Sårstell, undersøkelse av ny funksjon, trening og informasjon om restriksjonar.
Torsdag - Trening og eventuelt justering av skinne og nytt sårskift
Fredag - Utskriving til heim eller regional spinaleining
Etter
Restriksjonane avheng av type operasjon og vurderast alltid individuelt. Følgande restriksjonar er vanlege og kan vere aktuelle for deg:
Bruke skinne i 9 veker etter operasjonen: Heile døgnet med unntak av trening dei første 3 vekene, deretter kun på natt.
Ikkje strekke eller bøye fullt i handledd eller fingrar dei 3 første vekene etter operasjonen: Fingrane skal ikkje bøyast nærmare enn 3 cm frå handflata.
Ikkje belaste handa i aktivitetar, som forflytting, dei 9 fyrste vekene etter operasjonen
Inga styrketrening av handa dei 9 fyrste vekene etter operasjonen
Skinne
Dagen etter operasjon får du tilpassa ei handskinne som skal stabilisere og halde handa i ei bestemt stilling. Denne skal brukast heile døgnet med unntak av trening og stell i 3 veker etter operasjonen. Deretter kun som nattskinne i ytterlegare 6 veker. Ved avstiving av tommel blir det tilpassa ei tommelskinne som skal brukast på dagtid dei neste vekene.
Trening
Trening startar dagen etter operasjonen og du får opplæring i egentreningsprogram på sjukehuset. Ved utskriving får du med deg informasjon om restriksjonar, trening og vidare oppfølging. Aktuelle instansar som heimetenesta i kommunen, fysioterapeut og/eller ergoterapeut på di regionale spinaleining kan også bli kontakta for denne informasjonen.
Du blir utskriven til heim eller regional spinaleining fredag etter operasjon. Etter 3 veker blir du innlagd eit par dagar på regional spinaleining for oppfølging og justering av treningsprogram. Ny innlegging etter 9 veker når alle restriksjonar vert oppheva og ein kan starte å nytte den nye funksjonen fritt.
Kontakt
Sentralblokka
Nasjonal behandlingstjeneste for funksjonsforbedrende kirurgi på overekstremiteter ved tetraplegi
Oppmøtestad
Sentralblokka, Haukeland universitetssjukehus
Kontakt:
Anett Myhre Kallevik
Spesialfysioterapeut
Fysioterapiavdelinga
Telefon 55 97 29 09
Hege Kleiven Rynning
Ergoterapeut
Ergoterapiavdelinga
Telefon 55 97 60 52
Tetra-teamet
Professor Leiv Hove, Ortopedisk avdeling
Overlege Rakel Sif Gudmundsdottir, Ortopedisk avdeling
Overlege Eivind Strandenes, Avdeling for plastikkirurgi
Lege i spesialisering, Truls Rokne Hanestad, Ortopedisk avdeling
Spesialfysioterapeut Anett Myhre Kallevik, Fysioterapiavdelinga
Ergoterapeut Hege Kleiven Rynning, Ergoterapiavdelinga
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen