Ventetid for utgreiing kan variere frå ei veke til nokre månader, og det avheng av korleis symptoma er og kor alvorleg tilvisande lege vurderer tilstanden. I sjeldne tilfelle blir pasientane innlagde for utgreiing dersom allmenntilstanden er veldig dårleg.
Etter at diagnosen er stilt vil behandlinga starta så raskt som mogleg.
Kva skjer under utgreiinga?
Sjukehistorie og kroppsundersøking blir gjenteken og tidlegare undersøkingar blir gjennomgåtte saman med deg. Manglande opplysningar blir innhenta og manglande undersøkingar blir bestilte. Alle pasientar med Ulcerøs kolitt får stilt diagnosen med koloskopiundersøking.
Aktuelle undersøkingar
Du blir beden om å ta avføringsprøve for å sjå bort frå infeksjonar. Fekal-test kan gi mistanke om betennelse i tarmen.
Les om
Viss ein har avvist infeksjonar som årsak til tjukktarmsbetennelse vil ein hos dei aller fleste pasientane kunne stille diagnosen Ulcerøs kolitt ved første koloskopi, eventuelt når svar på vevsprøvene ligg føre.