Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Undersøking, TRANSØSOFAGUSEKKOKARDIOGRAFI

Ultralyd av hjartet gjennom matrøyret

Denne undersøkinga viser detaljar i hjartet ved hjelp av ultralydsonde i matrøyret, bak hjartet.
Denne undersøkinga gir betre oversikt over delar av hjartet enn det ein ser ved ultralydundersøking frå utsida av brystkassen. Vi kjem nærmare hjartet og får skarpare bilde. 

Undersøkinga er eit nødvendig tillegg til ytre undersøkingar i spesielle situasjonar. det kan vere å planlegge operasjon n av hjarteklaffar, sjå etter årsaker til blodproppar eller sjå etter infeksjonar i hjartet. Ein sjeldan gong er den også aktuell når ein får uvanleg dårleg innsyn utanfrå.



Før

Pasienten må vere fastande, for ikkje å risikere at mageinnhald kjem opp og blir trekt ned i lungene. Det betyr at du ikkje skal ete, drikke eller røyke i minst 6 timar før undersøkinga.  (Merk at du kan ta tablettar med ein munnfull vatn inntil eit par timar før undersøkinga.)

Pasientar som bruker blodfortynning med Marevan må ta INR‐kontroll  dei siste 3-5 dagar før undersøkinga, og INR‐verdien skal som regel vere lågare enn 3,5. INR måler du hos fastlege eller ved bruk av micro-INR måler heime. Fastlegen vil gjere endringar i doseringa av Marevan før undersøkinga om INR resultatet viser at dette er nødvendig.

Dersom du har svelgevanskar eller kjent sjukdom i matrøyret er det viktig at behandlar får beskjed om dette før undersøkinga.

Under

Etter vanleg overflateundersøking med ultralyd av hjartet og stadfesting på at vidare undersøking er nødvendig, får du ein venekanyle på handryggen for å kunne tilføre intravenøs væske, først og fremst avslappande medisin.

Vi gir lokalbedøvande spray i svelget. Under sjølve undersøkinga ligg du på sida for at spytt skal kunne renne ut, sidan det er vanskeleg å svelge spytt med ein slange i matrøyret. Det er både lege og sjukepleiar til stades.
 
Ultralydsonden er ein 7–8 mm tjukk slange som blir smurt med bedøvande gele for å gli lett. Den har bevegeleg tupp slik at den kan bli styrt gjennom svelget til matrøyret. Det er i prinsippet same type sonde som blir brukt til undersøking av mage (gastroskopi).
 
Av og til supplerer vi med å sprøyte inn kontrastvæske i venekanylen for å vurdere spesielle forhold. Ein kan også bruke fysiologisk saltvassløysing som kontrastvæske.

Gjer det vondt?

Det er sjeldan smerter ved undersøkinga, men dei fleste får brekningsfølelse når slangen blir ført ned i svelget. Det mest ubehagelege punktet er når slangespissen, som er godt avrunda, passerer tungerota og skal ned i sjølve matrøyret. Når dette punktet er passert, går resten av undersøkinga vanlegvis greitt.

Kor lenge varer undersøkinga?

Undersøkinga varer cirka 30 minutter, i tillegg til den ytre undersøkinga. Ein stor del av tida går med til førebuingane av pasient og utstyr. Sjølve tida med slange i matrøyret kan vere frå 5 til 15 minutt, avhengig av problemstilling.
 

Etter

Når sonden er tatt ut kviler du i senga nokre minutt slik at vi ser at alt er i orden, før venekanylen blir fjerna. Dersom du har fått intravenøs avslappande medisin vil du kunne kjenne deg ustø på beina med det same, så vi anbefaler at du blir sittande på venterommet ein halvtimes tid. Du må ikkje sjølv køyre bil resten av dagen dersom du har fått roande medisinar.

Fordi du har fått lokalbedøving i svelget, må du ikkje drikke eller ete den første timen etter undersøkinga. Etter ein time kan du gjerne starte med ein slurk vatn for å sjå at svelgrefleksen er i orden, før du et eller drikk meir. Det kan ta nokre timar før bedøvinga gå heilt ut.  

Foreløpig resultat av undersøkinga får du straks henne er ferdig. Fullstendig svar blir sendt visande lege.

Ver merksam

  • Ikkje spis eller drikk den første timen etter enda undersøking.
  • Ikkje køyr bil resten av dagen dersom du får avslappande medisin.
  • Nokon kan bli litt sår i halsen etter undersøkinga.

 

Kontakt

Sentralblokka Hjartepoliklinikken

Kontakt Hjartepoliklinikken

Oppmøtestad

Vi held til i 1. etg. i Sentralblokka. 
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Telefon resepsjon: 55 97 50 00

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.