ansatte på hjerteavdelingen:foto

Hjarteavdelinga

Hjarteavdelinga er ein stor avdeling med hjarteintervensjon, poliklinikk, sengepostar, thoraxkirurgi, medisinsk intensiv avdeling med spesialfunksjonar for hjartepasientar og hjarterehabilitering. All medisinsk og kirurgisk behandling og undersøking av hjartesjukdommar er samla ved Hjarteavdelinga, og vi har regionalt ansvar for hjartesjukdommar i Helse Vest. Avdelinga har også lokalsjukehusansvar for brorparten av Bergen og kommunane rundt.  Vi tek hand om alle aspekta innan hjartesjukdommar med unntak av transplantasjonar.

Ved hjarteavdelinga tar vi imot pasientar som mellom anna skal undersøkjast og behandlast for sjukdom i hjartets kransårar, hjarteklaffar, har hjarterytmeforstyrrelse eller har hjartesvikt. Vi tilbyr utredning og behandling til alle pasientar i hele Helse Vest. Avdelinga har både øyeblikkeleg hjelp og elektiv verksemd, der pasientane sendes til oss via fastlege eller lokalsjukehus.

  • Intervensjonseininga består av båe poliklinikk, operatsjonsstue for pacemakar, hjarterytmelaboratorium og kateteriseringslaboratorium. 
  • På hjartemedisinsk sengepost vert om lag 80 prosent av pasientane innlagde fordi dei treng omgåande hjelp. Dei andre pasientane vert innlagde etter venteliste.
  • Også innan thoraxkirurgi kjem pasientane for både planlagde inngrep og øyeblikkeleg hjelp-kirurgi, inkludert traumer.
  • Intensiveininga Medisinsk intensiv overvaking (MIO) behandlar heile bredda av indremedisinske intensivpasienter i tillegg til hjartepasientane.
  • I tillegg har Hjarteavdelinga også eit variert rehabiliterings-, og kurstilbod til pasientar.
Både legar og sjukepleiare ved Hjarteavdelinga driv med forsking på høgt nivå, med ei stor mengd nasjonale og internasjonale publikasjonar.

Leiinga ved eininga

  • Avdelingsdirektør: Kjell Vikenes
  • Ass.avdelingsdirektør: Eivind Solheim
  • Ass.avdelingsdirektør: Geir Atle Myrmoen

Kontakt

Hjarteavdelinga Poliklinikk

  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag 08:00 - 15:00
  • Søndag 08:00 - 15:00
Telefaks: 55 97 51 50

Logg inn for å endre time

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Poliklinikken ligg i 1. etasje i Sentralblokka. Fellesekspedisjonen der pasientar som vert innlagt etter venteliste skal møte ligg i 2. etasje i Sentralblokka. Sengepostane finn du i 6. etasje same stad.
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Daglegvarebutikkar i nærområdet:

Rema1000 Haukelandsveien
Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: kl. 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 06.30 - 23.00 

Kiwi Kronstad
Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 08.00 - 23.00

Bunnpris Møllendalsbakken
Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
Måndag - fredag: kl. 08.00 - 23.00
Laurdag: kl. 08.00 - 22.00
Søndag: kl.  08.00 - 23​.00 

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Kurs og møter

  • Kurs i eigenmåling av INR og eigendosering av Marevan
    Kurset er for pasientar som kan forventast å kunne ta kapillær blodprøve på seg sjølv, bruke apparat for måling av INR, gjere ein eigenvurdering av måleresultatet og ut frå INR-resultatet sjølv dosere Marevan. Sjå meir informasjon under.
    Kurs i eigenmåling av INR og eigendosering av Marevan
    Dato kjem

Om hjartesjukdom

Høgt blodtrykk og kolesterol, brystsmerter, hjartesvikt og hjarteinfarkt. Dette er nokre av dei mange tilstandane du finn informasjon om på helsenorge.no
Hjarte og kar på helsenorge.no
blodtrykksmåling_foto

Behandlingar

Her kan du søke etter behandlingar samt nyttig informasjon for deg som pasient.

Behandlingsinformasjon

PROCARD

​​​​PROCARD er ei forskingsoverbygging ved Hjerteavdelinga og er rota i eit pasientorientert forskingsfelt der erfaringa til pasientane og oppfatning deira står i fokus.
Les meir om PROCARD
foto:ansatte på PROCARD

Senter for forskning på hjertesykdom hos kvinner

Høsten 2020 åpner Senter for forskning på hjertesykdom hos kvinner. Professor og overlege ved Hjerteavdelingen, Haukeland universitetssjukehus er oppnevnt som leder av det nye senteret som etableres ved Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen. Flere av Hjerteavdelingens leger vil være tilknyttet senteret som forskere.
Les mer om senteret (UiB.no)
foto:hender på hverandre