Eldre smilende kvinne lener hodet på skulderen til eldre smilende mann. Foto

Alderspsykiatri

Avdeling alderspsykiatri gir spesialisert helsetilbod til menneske med psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, eller mellom psykiatrisk sjukdom og biologiske, psykologiske eller sosiale aldringsfenomen.

Døme på tilstandar kan vere alvorleg depresjon, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand, ofte med organiske årsaker.

Vi tar også imot pasientar med uavklart kognitiv svikt med psykiatriske tilleggssymptom, paranoide tilstandar og andre funksjonelle lidingar. Sidan sjukdomsbildet til våre pasientar ofte er komplisert av somatiske tilstandar, ligg vi nær somatiske avdelingar på sjukehuset.

Alderspsykiatri tilvisning

g_2cf60b6d_f95f_437c_a2f9_c36402d9720f

 

For pasientar som ikkje er i behov av innlegging i døgneining kan behandling skje i poliklinikk, eller ved at ambulant team kjem dit pasienten bur.

Poliklinikk

I poliklinikken arbeider psykiater, psykologspesialist og spesialsjukepleiar med utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar. 

Det er ønskeleg at pårørande er med til den første timen i poliklinikken.

Ambulante tenester

Ambulant team tilbyr tenester der poliklinisk behandling ikkje er hensiktsmessig. Oppfølginga skjer der pasienten bur, anten det er i heim eller på institusjon. 

I ambulant team arbeider psykiater, spesialpsykolog og sjukepleiar med utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar. 

Ambulant team tilbyr også kompetanseutvikling i alderspsykiatri. Dette inkluderer undervisning og rettleiing til personale i kommunehelsetenesta og sjukeheimar. 

Seksjon for alderspsykiatri si døgneining har 12 plassar, der 8 plassar er i ei open eining og 4 plassar er i ei lukka eining. Vi arbeider i tverrfaglege team og legg vekt på eit nært samarbeid med pasient og pårørande.

Behandlingstilbodet kan bestå av:

  • Utreiing og diagnostisering
  • Individorientert miljøterapi
  • Individuelle samtalar
  • Medikamentell behandling
  • Elektroconvulsiv terapi

Pasienten kan søkjast direkte til seksjonen med tilvising frå fastlege / poliklinikk, eller kan bli innlagd via Psykiatrisk akuttmottak.

Kontakt

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus
Divisjon psykisk helsevern / Psykiatrisk klinikk
Avdeling Alderspsykiatri
Postboks 1400
5021 Bergen

Logg inn for å endre time

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Glasblokkene i Haukelandsbakken 15.

Flyfoto av Glasblokkene

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

​​Kvardagar kl. 17.00-20.00
Helger kl. 10.00-20.00

I U2 har Nyføddintensiv ei spisestove for foreldre. I spisestovene er det eigne drikkestasjonar med kaffemaskin, juice, melkedispensar og vatn/isbitmaskin. Både mor, far og søsken kan spise der.

Måltida i spisestoven blir servert: 

Frokost: 08.00-09-00

Lunsj: 11.30-12.30

Middag: 15.00-16.00

Kvelds: 19.00-20.00

Vi oppmoder om at tidene overhaldas så langt som mogleg.

 

Det er også ein kafé i første etasje. Denne er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Det er i tillegg sju matautomatar spredt rundt i bygget. Desse vil innehalde eit variert utvalg av fersk og ferdig tilberedt mat.

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.