Diagnose

Akutt sarkoidose (Løfgrens syndrom)

Löfgrens syndrom er ein form for Sarkoidose, ein systemsjukdom av ukjent årsak.

Sarkoidose er en autoimmun sykdom, der kroppens immunsystem feilaktig reagerer mot friskt vev. Sarkoidose kan ramme mange ulike organer. Lunger og lymfeknuter er ofte påvirket.

Les meir på helsenorge.no

Sarkoidose kan ramme mange organ, men Löfgrens syndrom er ein eigen type sarkoidose som kjem akutt og som karakteriserast av tre sjukdomsteikn: Leddbetennelse, hovne lymfekjertlar rundt lungeporten og utslett (knuterosen, erythema nodosum). Löfgrens syndrom er oppkalla etter den svenske lungelegen Sven Löfgren som skreiv om sjukdommen først.

Førekomst og årsaksforhold

Löfgrens syndrom er ein relativt sjeldan leddsjukdom, omlag 130 personer får sjukdommen kvart år i Norge. Löfgrens syndrom rammer oftast unge vaksne, kvinner like ofte som menn. Mikroskopisk undersøking av organa som rammast viser ein spesiell form for betennelse (granulomatøs inflammasjon). Årsaka til sjukdommen er ukjent, men mest sannsynleg ligg ein infeksjon til grunn.

Utgreiing

Symptom og sjukdomsteikn

Leddplagene kjem akutt med smerter, hevelse og stivheit i ledd. Vanlegvis vært få ledd ramma, oftast er det begge ankelledda. Fordi betennelsen sit i huda over ledda, kan området vere raudt og hovent langt utover sjølve leddet. Somme kan få feber, sjukdomskjensle og tørrhoste. Tørrhoste kan bety at betennelsen også sit i lungeporten eller lungevevet. Knuterosen er blåraude, ømme knutar djupt i huda, oftast på leggane.

Korleis stillast diagnosen?

Diagnosen bygger på det kliniske sjukdomsbildet: leddbetennelse og eventuelt knuterosen. Røntgenundersøking, eventuelt også CT-undersøking, av lungene og lungeporten vil kunne vise hovne lymfekjertlar og betennelse i lungevevet.
Blodprøvar kan vise teikn til betennelse med høg senkingsreaksjon og høgt C-reaktivt protein (CRP).

Behandling

Behandling

Symptomane kan lindrast ved bruk av betennelsesdempande medisin, (NSAIDs) som kan takast ved behov ein periode. Ved uttalte allmennsymptom, feber eller dersom lungene er ramma, kan kortison vere aktuelt. Kortisoninjeksjon i ledd kan også nyttast.

Oppfølging

Prognose

Akutt sarkoidose, Löfgren syndrom, er ein form for sarkoidose som går over av seg sjølv hos nesten alle. Andre formar for sarkoidose kan vare lenger og ha fleire komplikasjonar.  Hos dei fleste varer akutt sarkoidose frå få veker opptil få månader. Medisin kan lindre plagene. De fleste blir bra utan tilbakefall, men nokon vil oppleve eit tilbakefall før sjukdommen forsvinn heilt. Dersom ein påviser sarkoidose i lungevevet må ein til kontroll hos lungelege.  

Oppfølging

Oppfølging vil skje hos fastlege (evt revmatolog) inntil alle sjukdomsteikn er forsvunne. Ved affeksjon av lungene, er det aktuelt med oppfølging hos lungelege. Alle med sarkoidose bør få ein vurdering hos augelege då sjukdommen ein sjeldan gang kan ramme augene.

Vil du vite meir om sjukdommen:

 For meir informasjon om de enkelte medikament, sjå www.legeforeningen.no/nrf under fanen Pasientinformasjon.

Kontakt

Gamle hovedbygg Revmatologisk avdeling

Kontakt Revmatologisk avdeling

Oppmøtestad

3. etasje i Gamle hovedbygg på Haukeland

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

Transport

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

Du betaler ingen ting når du er innlagt på sengepost ved avdelinga.

For polikliniske undersøkingar blir pasientane belasta med eigenandel. For tida er satsen 375 kr (jamfør poliklinikkforskrifta) og dette beløpet inngår i eigendelstaket. 

I tillegg til eigendelen kan du bli belasta for pasientbetaling (75 kr) for eventuelle bandasjar og bedøving som blir nytta ved undersøkinga/behandlinga. Pasientbetalinga på 75 kr er ikkje omfatta av eigendelsordninga.

Avdelinga tek ikkje imot betaling. Etter behandling vil du motta SMS der du kan velje betaling med Vipps eller faktura. 

Dersom du ikkje møter til tildelt time (eller avbestiller seinare enn 24 timar før avtalt tid) blir du belasta m​​ed 1125 kr (uavhengig om du har frikort eller ikkje.)

Les meir om eigendelar og betaling på sjukehus og poliklinikk på helsenorge.no

Vi ber deg ta med ei oversikt over medikamenta du eventuelt brukar. Resultatet av undersøkinga blir sendt til tilvisande lege og fastlege.

Skal du innleggast på sengepost må du ta med deg toalettsaker, tøy osv. Sjukehuset kan ikkje ta ansvar for verdiar, så vi ber om at ein ikkje tar med seg verdisaker ved innlegging.

Skal du til rehabilitering må du ta med deg treningstøy og badetøy.

​For å bli utredet/behandla ved Revmatologisk avdeling må ein tilvisast av lege. Når avdelinga har mottatt tilvising vil vi innan 10 verkedagar sende brev om ventetid og om det er aktuelt med poliklinisk undersøking eller opphald på sengepost.

Ved nyleg oppståtte akutte leddbetennelsar har poliklinikken tilbod om øyeblikkeleg hjelp.

Tilvisande lege tar då telefonisk kontakt med revmatolog på vakt for tildeling av akutt-time.  

Tilvisingar frå fastlege på nye pasientar blir behandla fortløpande og frist for start av helsehjelp blir gitt etter nasjonale retningslinjer etter kor alvorleg sjukdomen er. Vurderinga blir gjort på grunnlag av opplysingar i tilvisinga frå fastlegen.

Dersom du har fått tildelt time langt fram i tid og meiner at du burde få kortare frist, eller dersom du er blitt dårlegare i ventetida må du kontakte fastlegen din. Fastlegen kan ta kontakt med avdelinga for å føye til nye opplysningar og få framskunda timen.

Du kan følge med på forventa ventetid over kor lang tid dei lavest prioriterte pasientane maksimalt må vente. Gå inn på Helsedirektoratets sider: www.frittsykehusvalg.no.

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.