Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ankelprotese

Pasientar som har eit øydelagt ankelledd som følge av artrose, leddgikt eller tidlegare skadar vil bli vurdert med tanke på operativ behandling.

Årsaker

Artrose i ankelleddet er langt meir sjeldan enn artrose i hofte og kne, cirka 1 prosent av befolkninga har slitasje/artrose i ankelleddet. Dette kjem som oftast av tidlegare skade på ankelen (brot, mange overtråkk, ustabil ankel) og leddgikt, eller at ein utviklar artrose utan at det er ei klar underliggande årsak.

Symptom

Symptoma på ankelartrose er stivleik og smerter. Til å begynne med er smertene i hovudsak i startfasen av fysisk aktivitet. Seinare vil ein også ha smerter ved all belastning og i kvile. Ankelen kan hovne opp, og mange vil oppleve redusert rørsle.

Operasjon

Sjukdommar som har øydelagt store delar av ankelleddet blir oftast behandla med artrodese (avstiving) eller protese. Resterande brusk blir fjerna, og det øydelagde leddet blir stiva av eller blir erstatta med protese. Oftast er dette leddet nærast stivt allereie slik at ein mistar lite rørsle. Målet med operasjonen er å fjerne smerta frå leddet. Nokon blir opererte dagkirurgisk, det vil seie at du drar heim same dag som operasjonen. Ved meir omfattande inngrep blir du på sjukehuset 1–2 dagar etter operasjonen. Dette blir avtalt på førehand, sjå også innkallingsbrevet.

Tilvising og vurdering

Fastlege tilviser til ortoped for vurdering.

Sjå ventetider (helsenorge.no)

Før

Førebuing før innlegging

Det er viktig at du held deg i aktivitet heilt fram mot operasjonen. Om du ikkje har fått beskjed om noko anna, så bør det vonde leddet bli bevega og belasta så godt det lèt seg gjere. Dette gjer knoklane sterkare og gjer opptreninga etter operasjonen enklare.

Førebygging av infeksjon

Infeksjon er ein frykta komplikasjon til protesekirurgi. Desse tiltaka kan minske risikoen:

  • Eit variert og næringsrikt kosthald i forkant av operasjonen.
  • Dersom du røyker bør du slutte, eller i alle fall redusere forbruket frå 4 veker før operasjonen til såret er heilt grodd, 3–4 veker etter operasjonen. Det same gjeld dersom du har eit overforbruk av alkohol.
  • Dersom du har diabetes må du vere ekstra nøye med å kontrollere og regulere blodsukkeret i forkant av operasjonen, gjerne i samråd med fastlegen.
  • Pågåande infeksjonar (for eksempel naglerotbetennelse, urinvegsinfeksjon, hudinfeksjon, tannrotbetennelse eller liknande) eller opne sår – aukar sjansen for å få infeksjon i proteseleddet. Slike infeksjonar må derfor vere ferdigbehandla i god tid før operasjonen.

Medikament

Nokre medikament skal stoppast eit tal dagar eller veker før operasjonen. Dette vil du få beskjed om ved førebuande undersøkingar før operasjonen.

Oftast bruker vi spinalbedøving ved denne typen kirurgi, men iblant blir det nødvendig med narkose. Da må du faste.

 

Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsetje timen.

Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhald og magesyre.

Fram til 2 timar før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker fram til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timar før
  • Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timar før
  • Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Det får du i så fall beskjed om.

Under

Nokre veker før operasjonen vil du møte ein anestesilege og kirurgen som skal operere deg. Du vil få informasjon om kva som skal gjerast, kva resultat du kan vente av operasjonen, og om moglege komplikasjonar knytte til operasjonen og bedøvinga.

Om du er usikker på om du ønsker operasjonen, må du formidle dette tydeleg til kirurgen. Det er ikkje for seint å ombestemme seg, og ved usikkerheit kan det ofte vere fornuftig å utsette operasjonen.

På operasjonsdagen vil du bli følgd til operasjonsavdelinga. Her vil du bli tatt imot av ein anestesisjukepleiar som fører deg vidare. Den vanlegaste bedøvinga ved operasjonar i beina er ryggbedøving (spinal).

Operasjonen varer i 1–3 timar avhengig av metode. Like før, under og etter operasjonen får du antibiotika for å førebygge infeksjon. Når operasjonen er ferdig, vil det bli lagt på ein gipsbandasje frå tåballar til øvst på leggen.

Etter operasjon

Når operasjonen er ferdig, blir du liggande på oppvakninga i nokre timar imedan bedøvinga går ut av kroppen. Etterpå blir du flytta til sengepost.

Det er svært viktig at du kjem deg raskt på beina etter proteseoperasjonen. Fysioterapeutar vil instruere deg og hjelpe deg i gang, men eigeninnsats og motivasjon er viktig. Dersom du kjem deg raskt på beina er faren for komplikasjonar som infeksjonar og blodpropp mindre. Du vil få behandling med smertestillande medikament slik at dette skal la seg gjere.

Etter

Liggetida etter ein operasjon vil vere individuell og variere frå 2 til 5 dagar. Dei fleste skal bruke sprøyter med blodfortynnande medikament i 1–2 veker og smertestillande medikament i avtrappande dosar etter utreise.

Trening og rørsle

Etter operasjonen er ankelen gipsa inn slik at rørsletrening av ledda ikkje er aktuelt. Treninga på sjukehuset består i å øve på å gå med krykker eller anna ganghjelpemiddel. Vanleg etterbehandling vil innebere at du blir skriven ut med gips beskjed om kor mykje du får belaste den opererte foten.

 

Kontroll

Etter cirka 3 veker vil du bli kalla inn til sjukehuset for å ta av gipsen, sjekke operasjonssåra, fjerne sting og få på ein ny gips. Oftast vil du da kunne belaste foten litt meir fram til neste kontroll som er totalt 6 veker etter operasjonen.

Da tar vi også røntgenbilde, og om det ser fint ut vil du da få lov til å ha full belastning av foten utan gips. Ein startar da med rørsletrening, gjerne med hjelp av ein fysioterapeut.

Ver merksam

Ved alle kirurgiske inngrep er det risiko for komplikasjonar:

  • Infeksjon. Vi gjer vårt beste for å førebygge infeksjon, men det skjer likevel hos ein liten del av pasientane. Teikn på infeksjon er:
    • Raudfarge, hevelse og varme i huda. Dette vil du ikkje kunne sjå på grunn av gipsbandasjen.
    • Væske frå såret kan eventuelt sjåast dersom gipsen blir våt
    • Aukande smerter
    • Feber
    • Generell sjukdomskjensle
    • Ved mistanke om infeksjon skal du raskt kontakte sjukehuset.
  • Blodpropp kan skje. Du kan redusere risikoen ved å vere mykje i aktivitet og ved å bruke blodfortynnande medikament.
  • Nerveskade kan skje under inngrepet.

Ikkje alle blir fornøgde med sluttresultatet. Nokon vil ha meir smerter etter operasjonen enn dei førestilte seg, og nokon er misfornøgde med evna til rørsle. Ein kan ikkje rekne med at rørsla blir betre av operasjonen, men dei fleste beheld den rørsla dei hadde frå før. 20–30 % av dei som blir opererte med ankelprotese blir opererte igjen med skifte eller fjerning av protesen ein eller annan gong før 10 år etter operasjonen.

Sist faglig oppdatert 24.09.2025

Kontakt

Sentralblokka Ortopedisk avdeling, Haukeland
Ventetid: 8 - 48 uker

Ventetid: 8 - 48 uker

Kontakt Ortopedisk avdeling, Haukeland

Oppmøtestad

1-3 veker før operasjon vil du møte anestesilege og kirurgen som skal operere deg på Preoperativ poliklinikk.
På operasjonsdagen blir du følgt til operasjonsavdelinga frå sengepost, og anestesisjukepleiar tar deg vidare.
Etter operasjonen bli du liggande på oppvakninga nokon timar, før du bli flytta tilbake på sengeposten i 7. etasje i Sentralblokka.

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Ventetid

8 uker til utredning

40 uker til innleggelse (48 totalt)

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Telefon resepsjon: 55 97 50 00

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.