Ta med oppdatert medisinliste til timen din. Ingen andre førebuingar er nødvendig.
Dersom det står i innkallinga at du er sett opp til allergiutgreiing, følgjer du instruksane som står i innkallingsbrevet.
Atopisk eksem er den vanlegaste eksemforma hos barn og kan ramme opp til 20 prosent av barn i førskulealder. Dei fleste får symptom på hudsjukdommen før fylte to år, mange får plager allereie i spedbarnsalder. Mange blir kvitt plagene før dei blir vaksne. Hos enkelte blussar sjukdommen opp igjen i tenåra. Enkelte vil ha eksemplager livet ut. Personar som har hatt atopisk eksem som barn er spesielt utsette for å få handeksem som vaksne.
Atopisk eksem blir kjenneteikna av tørr hud og kløe. Det finst ingen testar for å stille diagnosen, men utbreiinga til utslettet og plagene til pasienten hjelper legen til å stille diagnosen. Kløe er oftast det største problemet. Barn med atopisk eksem er ofte urolege og søv dårleg om natta. Mild atopisk eksem kan behandlast med fuktbevarande kremar og betennelsesdempande kremar og salvar, vanlegvis kortisonpreparat eller såkalla calcineurinhemmere. Allergi er ikkje årsak til atopisk eksem, allergitesting er derfor ikkje ein del av utgreiinga. I enkelte tilfelle kan allergi forverra utslettet, legen avgjer om det er grunnlag for vidare utgreiing.
Milde formar for atopisk eksem kan behandlast av fastlegen. Ved meir utbreidde plager, eller der behandlinga ikkje har tilfredsstillande effekt, kan fastlegen tilvise pasienten til hudlege.
Hudbygget på Haukelandsområdet, Jonas Lies vei 73
Jonas Lies vei 73