Behandling

Biologisk behandling ved revmatisk sykdom

Biologiske legemiddel er ein klasse medikament som er spesialdesigna for å hemme spesifikke trinn i betennelsesprosessen. Legemidla blir kalla «biologiske» fordi slike legemiddel er framstilte frå biologisk materiale, til forskjell frå legemiddel som er syntetisk framstilte.

Biologiske legemiddel er ein klasse medikament som er spesialdesigna for å hemme spesifikke trinn i betennelsesprosessen. Legemidla blir kalla «biologiske» fordi slike legemiddel er framstilte frå biologisk materiale, til forskjell frå legemiddel som er syntetisk framstilte.

Ulike typar biologisk behandling

Behandlinga blir vurdert for pasientar med aktiv sjukdom som ikkje har fått tilstrekkeleg effekt av, eller ikkje toler annan type behandling. Sjukdommen må ha ei stor alvorsgrad og du må ha prøvd anna behandling først. Ofte blir biologiske legemiddel kombinerte med andre legemiddel mot revmatisk sjukdom.

  • TNF-hemmarar mot leddgikt, spondyloartrittar og psoriasisleddgikt
  • B-celle-hemmarar mot leddgikt og bindevevssjukdommar
  • T-celle-hemmar mot leddgikt
  • Interleukin 6-hemmar mot leddgikt, bindevevssjukdommar og vaskulittar

Meir informasjon om kvart enkelt legemiddel

Tilvising og vurdering

Behandlar ved revmatologisk avdeling viser til denne behandlinga.

Før

Før du kan starte med biologisk behandling må legen vurdere om du har andre tilstandar som gjer at du ikkje kan bruke behandlinga, det kan til dømes vere nyleg kreftsjukdom eller hjartesvikt. Du må ta blodprøver for å utelukke leverbetennelse (hepatitt) og tuberkulose, og røntgen av lungene (røntgen thorax).

Dersom du får klarsignal for oppstart med biologisk behandling, tilrår vi vaksinar mot influensa og koronavirus på hausten og lungebetennelsesvaksine (Pneumovax) kvart 6. år. Vaksinar kan setjast hos fastlege eller vaksinasjonskontor.

Under

Biologisk behandling blir gitt som intravenøs infusjon eller injeksjon. Du får informasjon om behandlinga før oppstart.

Infusjonsbehandling

Behandlinga blir gjenteken med intervall frå ein til seks månader, avhengig av type medikament.

Injeksjonsbehandling med sprøyte/penn

Du vil få opplæring i å setje injeksjonen sjølv. Desse blir gitt med intervall frå dagleg til kvar fjerde veke, avhengig av type medikament.

Resept på medisinen blir send elektronisk til apotek. Det gjer at du kan hente medisinen på det apoteket du sjølv vel. Det kan vere litt ventetid på at apoteket får inn medisinen. Du må hente ut medisin og ta med på opplæringstimen.

Så lenge behandlinga varer skal du regelmessig ta blodprøvar hos fastlegen din. Du har sjølv ansvar for dette. Du og fastlegen får informasjon om kva blodprøver du skal og kor ofte.

Behandlinga varer ofte over fleire år.

Dersom du skal ha tannbehandling eller operasjon må lege vurdere om du bør ta pause frå behandlinga.

Etter

Du blir innkalla til vurdering av effekt etter ca 3 månader.

Så lenge behandlinga varer skal du ta regelmessig blodprøver hos fastlege. Du har sjølv ansvar for å ta blodprøvekontrollar hos fastlegen din. Ved oppstart av biologisk behandling får du utlevert eit skjema med oversikt over kva blodprøver du skal ta.

Viss du berre bruker biologisk behandling for leddsjukdommen din skal du ta blodprøver kvar 3. mnd. Viss du bruker tilleggsbehandling med Methotrexat eller andre sjukdomsmodifiserande medisinar (DMARDS) skal du ta blodprøver noko oftare, vanlegvis kvar 6.-8. veke. Det er viktig at du held fram med denne tilleggsbehandlinga dersom du toler henne, fordi biologisk behandling er meir effektiv i ein slik kombinasjon.

Behandlinga varer ofte over fleire år dersom ho har ønskt effekt og ikkje biverknader. Under behandling med biologiske legemiddel går du til regelmessig kontroll på revmatologisk poliklinikk eller hos privatpraktiserande revmatolog. Ved tap av effekt kan det vera nødvending å skifta medikament. Dersom det har vore fråvær av betennelsesaktivitet i lengre tid kan det gjerast eit avslutningsforsøk.

Ver merksam

 

Under behandling med biologiske legemiddel må du vera merksam på følgjande:

  • Infeksjonar: Luftvegsinfeksjonar som #biholebetennelse og lungebetennelse kan oppstå hyppigare enn elles. Det same gjeld urinvegsinfeksjonar. Om du har diabetes (sukkersjuke) eller har nedsett immunforsvar kan du lettare få ulike infeksjonar.
  • Kontakt legen om du får teikn på infeksjon som feber, vedvarande hoste, vond hals, slappheit / trøyttleik, svie / sterk lukt ved vasslating. Ved infeksjonssjukdom må ein utsetja den biologiske behandlinga.
  • Hjartesvikt: Nokre biologiske legemiddel skal ikkje brukast dersom du har moderat eller alvorleg hjartesvikt.
  • Kreftsjukdom: Dei fleste biologiske legemiddel skal ikkje brukast dersom du har ein kreftsjukdom, og berre etter nøye vurdering dersom du tidlegare har hatt ein kreftsjukdom. Dersom ein slik sjukdom oppstår under biologisk behandling, må behandlinga avsluttast.
  • Operasjon: Om ein operasjon er planlagd, må lege vurdera kor lang pause du bør ha frå behandlinga, både før og etter operasjonen.
  • Vaksinar: Alle som skal ha biologisk behandling bør vera vaksinerte mot lungebetennelse (pneumokokkar) og influensa (kvart år i sesongen).  Snakk med legen når du treng andre vaksinar. Ein skal ikkje ha levande vaksinar.
  • Graviditet / amming: Ein veit enno ikkje om alle biologiske legemiddel er trygge å bruka under svangerskap av omsyn til fosteret. Dersom du blir gravid medan du bruker eit biologisk legemiddel, må du kontakta revmatolog for å diskutera vidare behandling. Viss du planlegg å bli gravid, må du diskutera medikamentell behandling med behandlande revmatolog i god tid. Det er ulik dokumentasjon for dei ulike biologiske legemidla med omsyn til påverking på sædceller. Menn som planlegg å bli far, må diskutera bruken sin av biologiske legemiddel med behandlande revmatolog.

 

Kontakt

Gamle hovedbygg Revmatologisk avdeling

Kontakt Revmatologisk avdeling

Oppmøtestad

3. etasje i Gamle hovedbygg på Haukeland

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

Transport

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

Du betaler ingen ting når du er innlagt på sengepost ved avdelinga.

For polikliniske undersøkingar blir pasientane belasta med eigenandel. For tida er satsen 375 kr (jamfør poliklinikkforskrifta) og dette beløpet inngår i eigendelstaket. 

I tillegg til eigendelen kan du bli belasta for pasientbetaling (75 kr) for eventuelle bandasjar og bedøving som blir nytta ved undersøkinga/behandlinga. Pasientbetalinga på 75 kr er ikkje omfatta av eigendelsordninga.

Avdelinga tek ikkje imot betaling. Etter behandling vil du motta SMS der du kan velje betaling med Vipps eller faktura. 

Dersom du ikkje møter til tildelt time (eller avbestiller seinare enn 24 timar før avtalt tid) blir du belasta m​​ed 1125 kr (uavhengig om du har frikort eller ikkje.)

Les meir om eigendelar og betaling på sjukehus og poliklinikk på helsenorge.no

Vi ber deg ta med ei oversikt over medikamenta du eventuelt brukar. Resultatet av undersøkinga blir sendt til tilvisande lege og fastlege.

Skal du innleggast på sengepost må du ta med deg toalettsaker, tøy osv. Sjukehuset kan ikkje ta ansvar for verdiar, så vi ber om at ein ikkje tar med seg verdisaker ved innlegging.

Skal du til rehabilitering må du ta med deg treningstøy og badetøy.

​For å bli utredet/behandla ved Revmatologisk avdeling må ein tilvisast av lege. Når avdelinga har mottatt tilvising vil vi innan 10 verkedagar sende brev om ventetid og om det er aktuelt med poliklinisk undersøking eller opphald på sengepost.

Ved nyleg oppståtte akutte leddbetennelsar har poliklinikken tilbod om øyeblikkeleg hjelp.

Tilvisande lege tar då telefonisk kontakt med revmatolog på vakt for tildeling av akutt-time.  

Tilvisingar frå fastlege på nye pasientar blir behandla fortløpande og frist for start av helsehjelp blir gitt etter nasjonale retningslinjer etter kor alvorleg sjukdomen er. Vurderinga blir gjort på grunnlag av opplysingar i tilvisinga frå fastlegen.

Dersom du har fått tildelt time langt fram i tid og meiner at du burde få kortare frist, eller dersom du er blitt dårlegare i ventetida må du kontakte fastlegen din. Fastlegen kan ta kontakt med avdelinga for å føye til nye opplysningar og få framskunda timen.

Du kan følge med på forventa ventetid over kor lang tid dei lavest prioriterte pasientane maksimalt må vente. Gå inn på Helsedirektoratets sider: www.frittsykehusvalg.no.

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.