Skulderbrot er ein akutt skade som vanlegvis blir behandla same dag etter at diagnosen er stilt. Ein startar behandlinga enten på skadepoliklinikken eller på sjukehuset.
Brudd i skulder - behandling med fatle
Skulderbrot er brot øvst i overarmsbeinet. Desse brota oppstår gjerne ved fall frå ståande stilling og er ikkje uvanleg hos eldre. Det er ofte mogleg å behandle dette utan operasjon.
Fleire faktorar er med på å avgjere om brotet kan behandlas utan operasjon, det vil bli vurdert i kvart enkelt tilfelle av ortoped.
Før
Under
Ein tilpassar ei fatle slik at armen held seg relativt i ro. Dette gjev smertelindring. Det er også nødvendig å ta smertestillande i form av tablettar. Ein skal gå med fatla i maksimalt 2 veker. Det er viktig at ein tar armen ut av fatla dagleg for å bevege ålboga for å hindre at den stivnar.
Det er vanleg å ta ein røntgenkontroll av brotet etter omlag 7 – 10 dagar.
Etter
Etter at fatla er tatt av er det viktig å starte med øvingar tilpassa skulderbrot. Sjå nærmare beskrivne øvingar under.
Informasjon fra fysioterapeut
- 3-parts proksimal humerusfraktur
- 4-parts proksimal humerusfraktur. Ved denne omfattende bruddtypen forventes mer smerte og hevelse, langsommere framgang i øvelsene og et sluttresultat med mer varig nedsatt skulderbevegelse.
- Brudd i skulderbladet















