Ortopeden vil gjere ei grundig undersøking. Det kan vere aktuelt med tilleggsundersøkingar som til dømes røntgen for å avgjere om det skal gjennomførast operasjon og kva type protese som skal brukast. Basert på samtale med deg og funn i undersøkingane vil de bli samde om vidare behandlingsplan.
Medan du ventar på operasjon er det ein fordel at du held fram med behandling hos fysioterapeut eller gjer øvingar på eigenhand. Formålet med behandlinga er å hindre/minimere stivleik i skuldra, redusere smerte og førebu deg til operasjon og trening du må gjere etterpå.
Før operasjonen vil du gå gjennom dei siste førebuande undersøkingane du treng og få meir informasjon om kva som skal skje når du blir innlagd.
Før operasjonen blir det vanlegvis litt ventetid. I denne tida kan det vere nødvendig å bruke fatle for smertelindring i tillegg til smertestillande tablettar. Ein kan vere i aktivitet så mykje ein klarer med omsyn til smertene frå skuldra. Den som skal operere deg vil før operasjonen forklare kva type protese som er planlagd for brotet ditt.
Kvelden før operasjonen skal du faste frå midnatt. Det betyr at du ikkje skal ete, røyke, bruke snus, tygge tyggegummi eller pastillar etter kl 24. Du kan og bør drikke klare væsker (vatn, saft), men ikkje mjølkeprodukt eller jus fram til 2 timar før oppmøtetidspunktet på operasjonsdagen.