Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Brudd i skulder -behandling med protese

Innsetjing av skulderprotese kan vere aktuelt dersom leddflata er nedsliten og gir mykje smerter, ved store seneavrivingar eller ved kompliserte brot i skuldra. Vi bruker ulike typar skulderprotesar, avhengig av problemstillinga.

Dei vanlegaste typane er anatomisk og omvend totalprotese, der leddflata på både overarmsbeinet og skulderskåla blir skifta ut. Anatomisk protese gir best rørsle, men kan berre brukast når senene i skuldra er intakte og der ikkje er veldig uttalte beinforandringar. Omvend protese er aktuelt å bruke ved store seneavrivingar, frakturar og ved uttalte forandringar i bein. Omvend protese blir vanlegvis også brukt når ein tidlegare skulderprotese må skiftast ut.

Ved slitasje i skulderleddet blir brusken på leddflatene brote ned og det kan danne seg beinpåleiringar i leddet. Dei andre strukturane rundt skulderleddet, som til dømes leddhinne, leddband, slimposar og sener blir også påverka. Dette kan føre til smerte, knekkelydar/knirking ved rørsle av skuldra, stivleik og vanskar med å bruke armen i det daglege. Diagnosen blir stilt normalt med røntgenundersøking, men slitasje er også synleg på MR.

Behandlinga av slitasje i skuldra består i første omgang av smertelindring, råd om tilpassa aktivitet og behandling hos fysioterapeut. Steroidinjeksjon kan lindre plagene. Du må sjølv bestille time ved eit fysioterapiinstitutt. Nokre pasientar får monaleg redusert førlegheit i armen og sterke smerter trass i behandling som beskrive over. Det kan då vere aktuelt å setje inn ein protese i skulderleddet.

Tilvising og vurdering

Fastlege, manuellterapeut eller kiropraktor kan sende ei tilvising til ortoped. Når du er tilvist på grunn av slitasje i skuldra, vil du bli innkalla til undersøking hos ortoped. Det kan også vere aktuelt med kompletterande røntgenundersøkingar for å avgjere om du treng operasjon og kva type protese som skal brukast.

Innseting av skulderprotese kan vere aktuelt dersom leddflata er nedsliten og gir mykje smerter, ved store seneavrivingar eller ved kompliserte brot i skuldra. Vi bruker ulike typar skulderprotesar, avhengig av problemstillinga.

Før

Ortopeden vil gjere ei grundig undersøking. Det kan vere aktuelt med tilleggsundersøkingar som til dømes røntgen for å avgjere om det skal gjennomførast operasjon og kva type protese som skal brukast. Basert på samtale med deg og funn i undersøkingane vil de bli samde om vidare behandlingsplan.

Medan du ventar på operasjon er det ein fordel at du held fram med behandling hos fysioterapeut eller gjer øvingar på eigenhand. Formålet med behandlinga er å hindre/minimere stivleik i skuldra, redusere smerte og førebu deg til operasjon og trening du må gjere etterpå.

Før operasjonen vil du gå gjennom dei siste førebuande undersøkingane du treng og få meir informasjon om kva som skal skje når du blir innlagd.  

Før operasjonen blir det vanlegvis litt ventetid. I denne tida kan det vere nødvendig å bruke  fatle for smertelindring i tillegg til smertestillande tablettar. Ein kan vere i aktivitet så mykje ein klarer med omsyn til smertene frå skuldra. Den som skal operere deg vil før operasjonen forklare kva type protese som er planlagd for brotet ditt.

Kvelden før operasjonen skal du faste frå midnatt. Det betyr at du ikkje skal ete, røyke, bruke snus, tygge tyggegummi eller pastillar etter kl 24. Du kan og bør drikke klare væsker (vatn, saft), men ikkje mjølkeprodukt eller jus fram til 2 timar før oppmøtetidspunktet på operasjonsdagen.

Under

Vanlegvis er det nødvendig med full narkose ved slike operasjonar. I tillegg vil ein vanlegvis få ei leidningsbedøving i skuldra for at ein ikkje skal ha så mykje smerter etter operasjonen. Leidningsbedøvinga gjer at du vil vere nomen og kraftlaus i armen dei første timane etter operasjonen.  

Under operasjonen fjernar først kirurgen leddhovudet.  

  1. Viss det er valt ein «halvprotese» blir leddhovudet erstatta av eit kunstig leddhovud som blir festa til ein protese som blir støypt fast i margkanalen i overarmsbeinet.

 

  1. Viss det er valt ein «omvend protese» blir ein skål festa til ein protese som blir støypt fast i margkanalen på overarmsbeinet. I tillegg blir eit kunstig leddhovud festa til den gamle leddskåla. Dermed blir heile ledda bytt ut, både leddhovudet og leddskåla. Sener som er losna blir sydde fast i protesen.

 

Ved begge typar protese får du eit lengre snitt i huda på overarmen som blir sydd saman på slutten av operasjonen.

Når du vaknar frå narkosen blir du køyrd opp til ein sengepost. Her får du smertelindring og hjelp til å komme i gang med rørsle. For å få eit godt resultat er det viktig at du prøver å følge restriksjonar og opptrening som blir instruert av fysioterapeut før du reiser frå sjukehuset.



Etter

Sårstell

Det vil bli lagt ny bandasje på såret før du reiser heim. Deretter skiftar du sjølv på såret om bandasjen skulle bli skitten eller våt, begynner å losne eller om det siv sårvæske i han. Ein tørr bandasje kan ligge på såret i 5 dagar. Vask alltid hendene før og etter bandasjeskift.

Kontroll

6 veker etter operasjonen blir kalla inn du til kontroll hos fysioterapeut. Etter 3 månader blir det kontroll hos den kirurgen som opererte deg, og det blir da tatt røntgenbilde bilde av skuldra.

Forventa resultat

Vanlegvis vil du ikkje få den same funksjonen i skuldra som du hadde før skaden. Målet med operasjonen er å gi deg mindre smerter og rørsle i skuldra slik at du kan meistre daglege aktivitetar.

 

Ver merksam

Økt rødhet, smerte og/eller hevelse, gul eller grønn væske fra såret, feber og/eller sykdomsfølelse. Ta kontakt med avdelingen hvis disse symptomene oppstår da det kan være tegn på infeksjon. 

Kontakt

Sentralblokka Ortopedisk avdeling, Haukeland

Kontakt Ortopedisk avdeling, Haukeland

Oppmøtestad



Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Her finn du utreiseinformasjon frå Ortoperdisk avdeling: 


Utreiseinformasjon.pdf

Telefon resepsjon: 55 97 50 00

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.