Cerebral Function Monitoring (CFM)
CFM er aktuelt der ein ynskjer langvarig registrering av hjerneaktivitet med bruk av få EEG elektrodar. (Kallast og cEEG continous EEG) og EEG (amplitude EEG).
Før
Ved vår avdeling er det prosedyre å gjøre CFM med like mange elektrodar som ved eit vanleg EEG. CFM skaffar informasjon om hyppigheit, intensitet og varigheit av epileptisk aktivitet / epileptiske anfall, og er nyttig med omsyn til diagnose og behandling. CFM vert brukt i overvaking av sjukdomsutvikling, som prognoseindikator og eventuell respons på behandling. Aktuelle pasientar for CFM, er oftast innlagt på Nyfødt-, Intensiv- eller Hjerteovervakingsavdeling.
Under
- Undersøkinga vert gjort på den avdelinga pasienten er innlagt på.
- Elektrodar vert festa på hovudet til personen; på nyfødt avdeling brukar ein vanleg vis 6 tynne nåleelektrodar. Klinisk nevrofysiologisk avdeling brukar 27 EEG elektrodar som vert sett i elektrodepasta.
- Elektrodane vert fiksert med plaster og nettinghetta.
- Undersøkinga varer så lengje det er ynskjeleg / ordinert av behandlande lege.
Kontakt
Gamle hovedbygg
KNF - Klinisk Nevrofysiologi
Gamle hovedbygg
KNF - Klinisk Nevrofysiologi
Kontakt KNF - Klinisk Nevrofysiologi
Oppmøtestad
De finn oss i Gamle Hovedbygg på Haukelandsområdet.Gamle hovedbygg
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen