CT av hjertet
Moderne CT-maskiner kan framstille hjartets kransårer raskt og på ein trygg og enkel måte.
Kvifor gjer vi undersøkinga?
Dei fleste pasientar som vert tilvist til CT-skanning av hjarte, ønsker å få undersøkt kransårane sine. Kunnskap om hjartets kransårer er viktig for å kunne gje pasientar med brystsmerter optimal behandling og for å kunne bedømme risiko for at hjartesjukdom skal inntreffe (prognose). Teknologiske framskritt innan CT-skanning har gjort det mogleg å vise kransårane jamgodt med den tradisjonelle måten der kontrast vert satt direkte i ein kransåre etter innføring av eit kateter i ei pulsåre.
Kva er CT-skanning?
CT-skanning av kransårene er ein rask og trygg teknikk med få komplikasjonar. Metoden er best egna for å påvise normale årer utan innsnevringar (stenosar).
Kransåresjukdom kan avkreftast med stor sikkerhet som årsak til brystsmerter. For desse pasientane er prognosen svært god med lav risiko for alvorlege hjarterelaterte hendingar i mange år framover.
Angina pectoris (‘hjartekramper’) vert forårsaka av innsnevringer som inneheld ei vekslande mengde kalsium (‘kalk’). CT- skanning er også ein god metode for å vise innsnevringer, men tyding av CT-bileter vert vanskeleg når kalsium hopar seg opp i åreveggen.
For å unngå dette problemet, vert det først teke eit oversiktsbilde (skan) av kransårene utan å sette kontrast. Maskinen gjer det mogleg å kjenne att kalsium (kalk) i åreveggen og talfeste kalsiuminnhaldet. Dette kalles kalsium score. Overstig kalsium score ein fastsatt terskel, vert undersøkinga sluttført utan at kontrast vert gjeve. Andre undersøkingar kan være aktuelle for å kartlegge om det er teikn på kransåresjukdom.
Nokre institusjonar tilbyr måling av kalsium score utan å vidare undersøke kransårene med kontrast. Kalsium score er bunde opp mot risiko for større hendingar forårsaka av sjukdom i kransårene som hjarteinfarkt og plutseleg hjartedød: til høgare kalsium score, til større er risikoen. Individuell vegvisning med tanke på inngripen, lar seg ikkje gjere på bakgrunn av kalsium score åleine.
Før
Faste medisinar kan takast som vanleg, ein treng heller ikkje å faste. Koffeinhaldig drikk som kaffi, cola og te auker hjartefrekvens med nedsatt billedkvalitet som resultat, og må derfor unngåast inntil undersøking er gjennomført. Av same grunn skal ein ikkje røyke før undersøkinga.
For CT-undersøking blir det nytta røntgenstrålar. Ved graviditet eller usikkerhet om pasienten er gravid, skal det vurderast grundig om undersøkinga kan verte utsatt eller pasienten kan ta andre undersøkingar utan røntgenstrålar.
Ved tidligare reaksjon på kontrastvæske, vert pasienten oppmoda til å ta kontakt med avdelinga før CT-undersøkinga. For å unngå liknande reaksjon, må pasienten bruke medisin kvelden før og om morgenen på undersøkingsdagen. Hyppigast reaksjon på kontrastvæske er eit kløande utslett, som går raskt tilbake ved hjelp av ein tablett antihistamin. I alvorlege tilfeller kan pasienten få pustebesvær eller eit betydeleg blodtrykksfall. Slike reaksjonar er svært sjeldne, og oppstår for det meste kort tid etter at kontrastvæska er gitt.
Det er påkrevd å ta ein blodprøve kort tid før CT-undersøkinga for å sikre at nyrefunksjonen ikkje er nedsett. Kontrastvæske kan forverre nyrefunksjonen, spesielt utsatt er pasienter med diabetes mellitus. Den skadelege effekten er avhengig av mengden kontrastvæske og utgjer sjelden ein fare ved CT-framstiling av kransårene.
Under
EKG-elektroder vert festa på kroppen for overvaking av hjarterytmen.
Høg hjartefrekvens er ofte årsak til artefakter grunna rørsla. Betablokkere (t.d. Seloken,) blir satt intravenøst for å senke frekvensen. Låg hjartefrekvens sikrar lågare stråledose.
CT-undersøking av hjarte tek ca. 20 minutt. Mesteparten av tida går med til førebuingar, sjølve skanninga tek berre nokre sekund.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarEtter
Kontakt
Sentralblokka
Hjarte-CT
Oppmøtestad
Du finn oss i 1. etasje i Sentralblokka.Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen