Diabetes og svangerskap
Har du kjent diabetes 1 eller 2 før svangerskapet bør du være godt regulert før du blir gravid fordi det forebygger komplikasjoner. De fleste kvinner fortsetter med insulinbehandling i svangerskapet.
Tilvising og vurdering
Fastlegen eller jordmor vil legge ein plan og vise til vidare oppfølging i samarbeid med sjukehuset.
Kvinner med diabetes som blir gravide i Bergen og omland får sine svangerskapskontrollar ved Kvinneklinikken og Medisinsk avdeling på Haukeland universitetssjukehus. Fastlegen din vil tilvise deg til vidare kontrollar her når svangerskapet er stadfesta.
Før
Diabetesen din bør vere godt regulert før du blir gravid. Det har noko å seie for utviklinga av svangerskapet, og det vil vere med på å førebygge komplikasjonar. Om du har diabetes og planlegg å bli gravid, bør du snakke med fastlegen din om dette.
Dei fleste kvinner med diabetes er som regel allereie under behandling med insulin når dei blir gravide, og vil halde fram med dette under svangerskapet.
Ta kontakt med fastlegen din straks du får bekrefta at du er gravid. Det blir da lagt ein vidare plan for oppfølging og svangerskapskontrollar som det er viktig at du følger.
Under
Ditt behov for insulin og mat vil endre seg i løpet av svangerskapet, og ein velregulert diabetes frå starten og gjennom svangerskapet er viktig for din helse, fosterutviklinga og barnets helse. Ein dårleg regulert diabetes kan gi auka risiko for svangerskapskomplikasjonar som for eksempel høgt blodtrykk og stort foster.
Du vil gå jamnleg til kontroll gjennom heile svangerskapet i tråd med for vidare oppfølging. På kontrollar vil ein sjekke blodsukker, urin, blodtrykk og ein kan gjere vekstvurderingar av fosteret. Du må også sjølv måle ditt blodsukker jamnleg heime.
Oppfølging på Kvinneklinikken
Du vil få time hos fødselslege og jordmor på Kvinneklinikken når du er i om lag 9 svangerskapsveke. Det er endokrinologen (diabetesspesialisten) som sørgar for at du får tilvising til time hos Kvinneklinikken.
Haukeland universitetssjukehus har fast opplegg for oppfølging av alle gravide diabetikarar i Bergen og kommunane rundt Bergen. Du vil få tett oppfølging gjennom heile svangerskapet av diabetesspesialist, fødselslege og jordmor på sjukehuset.
Fødsel
Som oftast vil fødselen bli sett i gang ved termin, og dette vil skje på Fødeavdelinga ved Kvinneklinikken. Fødselen er ei fysisk påkjenning som krev ekstra energi. Vi vil overvake blodsukkeret ditt gjennom heile fødselen. For å halde blodsukkeret ditt stabilt og sikre deg nok energi under fødselen, får du glukose intravenøst via drypp når fødselen er sett i gang.
Barnet vil også bli overvaka ved hjelp av CTG under store deler av fødselen.
Etter
Barn av mødrer som har diabetes, har auka risiko for å få lågt blodsukker dei første døgna etter fødselen. Blodsukkeret til barnet vil derfor bli kontrollert det første døgnet, eller fram til blodsukkerverdiane er fine.
Dei fleste barn av mødrer med diabetes treng litt ekstra mat inntil moras eigen mjølkeproduksjon er komen i gong. Om blodsukkeret til barnet blir for lågt, vil barnet følgast opp ved nyfødtavdelinga.
Dersom du hadde diabetes før du blei gravid, vil du fortsatt ha sjukdommen og må halde fram med diabetesbehandlinga etter fødsel. I barseltida vil dine blodsukkerverdiar og behov for insulin som oftast gå tilbake til slik det var før graviditeten. Men ammestart krev ofte ekstra energi, noke som gjer at ein vil følgje blodsukkerverdiane dine tett dei første dagane etter at du har fødd.
Ver merksam
Ved svangerskap kan blodsukkerverdiane endre seg i forhold til det som ellers er vanleg for deg.
Det er derfor viktig at kvinna og hennar næraste kjenner symptoma på føling (for lågt blodsukkar); sultkjensle, trøyttleik, irritabilitet, kvalme, konsentrasjonsvanskar, hodepine, skjelving.
Ta kontakt med sjukehuset dersom det er vanskeleg å oppnå tilfredsstillande blodsukkerverdiar, eller om du er bekymra for om svangerskapet utviklar seg som det skal.