Divertikulitt
Divertikkelsykdom i tarm (divertikulitt)
Divertiklar er små utposingar på tarmen som finst hos veldig mange menneske. I desse lommene kan det samle seg avføring og bakteriar, som igjen kan føre til ein betennelse.
Divertiklar oppstår i vaksen alder og nær 60 prosent av dei over 60 år har divertiklar. Dei kan førekomme i heile tarmsystemet, men dei er vanlegast å finne i tjukktarmen, spesielt den siste delen av tjukktarmen. Betente divertiklar, såkalla divertikulitt kan gi ubehag med magesmerter, feber og sjukdomskjensle. Den vanlegaste behandlinga er antibiotika, men i somme tilfelle kan det bli nødvendig med operasjon.

Illustrasjon av tjukktarmen. Til høgre utsnitt av tjukktarm med divertiklar.
Tilvising og vurdering
Fastlegen din kan undersøke deg og ta blodprøver, som kan seie noko om grada av betennelse i kroppen. Dette kan vere tilstrekkeleg til å stille diagnosen og starte behandling.
Dersom grada av betennelse er høg eller det er usikkerheit rundt diagnosen, blir du tilvist til sjukehuset for vidare utgreiing og behandling.
Utgreiing
Ein divertikulitt-episode kan variere frå mild sjukdom til alvorleg infeksjon og skade på tarmen. Du opplever magesmerter, som oftast er på venstre side i nedre del av magen. Du kan også få feber og forhøgde blodprøver. Nokon opplever at det kan komme blod i avføringa.
I dei aller fleste tilfella dreier det seg om ein enkel og ufarleg betennelse. For ein sikker diagnose kan det vere nødvendig med ei CT-undersøking. Ved hjelp av CT og den kliniske undersøkinga vil kirurgen kunne fastslå grada av betennelse.
Behandling
Akutt divertikulitt
Ved akutt divertikulitt er det ofte tilstrekkeleg med smertelindring i milde tilfelle. For dei moderate tilfella med feber, sterke smerter og forhøgde infeksjonsprøver i blodet (CRP), må ein i tillegg ha antibiotika.
Somme pasientar må opererast som akutthjelp under innlegginga. Da har betennelsen ført til hol i tarmveggen. Ved operasjon blir den sjuke tarmdelen fjerna og det blir ofte lagt ein stomi, det vil seie ein pose på magen. Stomien kan ofte leggast tilbake seinare.
Gjentatte anfall/episodar med divertikulitt
Om du har gjentatte anfall/episodar med divertikulitt kan det vere aktuelt å vurdere operasjon i kald fase, altså når du ikkje har ein aktiv betennelse. Med kikhòlsteknikk fjernar vi del delen av tjukktarmen som blir betent. Da treng ein som oftast ikkje ein mellombels stomi. Vi syr saman tarmen (anastomose) i staden.
Samval
Det finst fleire moglege behandlingar. Kva som er best for deg kan du og helsepersonell komme fram til saman. Dette blir kalla samval. Å vere med og bestemme er ein rett du har.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
- Kva alternativ har eg?
- Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
- Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?
Oppfølging
Pasientar med divertikulitt for første gong blir ved nokre sjukehus tilviste for ei tjukktarmsundersøking, såkalla koloskopi, etter at sjukdommen har roa seg. Vanlegvis vil dette vere etter 6–8 veker. På denne måten får du ein kontroll og samtidig utgreiing for andre sjukdommar i tjukktarmen.
Før du reiser heim får du informasjon. Du får med deg nokre smertestillande tablettar og eventuelt resept og sjukmelding.
Ver merksam
Oppsøk lege dersom du har sterke magesmerter på venstre side av magen og blod i avføringa.
Kontakt
Sentralblokka
Gastro- og akuttkirurgi
Oppmøtestad
Kirurgisk ekspedisjon i 5. etasje i Sentralblokka.

Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen