- Et og ta dei vanlige medisinane du pleier også den dagen du skal på undersøking.
- Huda må være rein og utan hudlotion.
Elektromyografi
Elektromyografi (EMG)
EMG (elektromyografi) er ei undersøking av elektrisk aktivitet i musklane som gir informasjon både om nerven som forsyner muskelen og om muskelen. Nevrografi og EMG blir ofte utført i same seanse, då dei utfyller kvarandre. Resultata frå undersøkingane blir vurderte i samanheng. Undersøkingane er nyttige i utgreiing av tilstandar der det er mistanke om skade eller sjukdom i nervar i armar, bein og nokre gonger i ansikt, og ved muskelsjukdommar.
Undersøking som ofte blir gjord samtidig:
Tilvising og vurdering
Fastlege, privatpraktiserande spesialist, manuellterapeut eller kiropraktor kan vise til EMG. Spesialistar ved sjukehus kan også tilvise til undersøkinga.
Før
Under
Korleis går sjølve undersøkings føre seg?
- Personen ligg på ein benk eller i ei seng.
- Ein elektrode vert limt på huda si overflate.
- Tynn nål vert stukken i aktuelle musklar og vert halden der både i kvile og under aktivitet, f.eks. ved å strekke ut kneet dersom muskelen framanfor på låret vert undersøkt.
- Graden av ubehag ved undersøkinga heng ofte saman med graden av generell spenning i kroppen.
Singel fiber EMG
Dette er ein svært avansert EMG metode som vert brukt i utgreiing av ein tilstand kor signaloverføringa mellom nerve og muskel ikkje fungerer som den skal (for eksempel Myastenia Gravis). Her vert registrert elektriske signaler frå den einskilde fiberen i muskelen ved hjelp av ei spesialprodusert nål.
Vanlegvis vert muskel på underarmen undersøkt, lukkemuskelen til auga eller muskel i panna. Singel fiber EMG kan anten bli gjort på muskel som blir aktivert voluntært ved å strekke fingre / knipe saman auga / heve panna, eller ved å stimulera aktuelle nervar med svært svak straum gjennom nål-elektrodar.
Undersøkinga vert utført av spesialist i klinisk nevrofysiologi.
Etter
Etter undersøkinga kan du vere litt øm i dei undersøkte musklane, men dette forsvinn fort av seg sjølv.
Når undersøkinga er ferdig, vil ofte legen som gjorde undersøkinga fortelje litt om funna ved undersøkinga. Ferdig vurdering og rapport blir send til legen som tilviste deg. Det er tilvisande lege eller eventuelt fastlegen som tek hand om vidare oppfølging og behandling
Kontakt
Gamle hovedbygg
KNF - Klinisk Nevrofysiologi
Ventetid: 8 uker
Ventetid: 8 uker
Kontakt KNF - Klinisk NevrofysiologiOppmøtestad
Vi heldt til i Gamle Hovudbygg sentralt på Haukelandsområdet.
Gamle hovedbygg
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen