Elektromyografi (EMG)
Ordet elektromyografi betyr at ein framstiller den elektriske aktiviteten i muskel grafisk. Undersøkinga er aktuell ved utgreiing av nervesjukdomar og skader samt muskelsjukdomar.
Ved denne metoden brukar ein ei tynn nål som ei «antenne» i muskelen, og den einaste straumen ein målar er den som vert produsert i sjølve muskelen i kvile og under aktivitet.
Mange tykkjer undersøkinga er ubehageleg, men den vert tålt godt. EMG vert som regel gjort i etterkant av nevrografi og er eit supplement til denne undersøkinga då EMG er ein endå meir kjenslevar metode for å oppdage skade av sjølve nervetrådane.
Før
- Et og ta dei vanlige medisinane du pleier også den dagen du skal på undersøking.
- Huda må være rein og utan hudlotion.
Under
Korleis går sjølve undersøkings føre seg?
- Personen ligg på ein benk eller i ei seng.
- Ein elektrode vert limt på huda si overflate.
- Tynn nål vert stukken i aktuelle musklar og vert halden der både i kvile og under aktivitet, f.eks. ved å strekke ut kneet dersom muskelen framanfor på låret vert undersøkt.
- Graden av ubehag ved undersøkinga heng ofte saman med graden av generell spenning i kroppen.
Singel fiber EMG
Dette er ein svært avansert EMG metode som vert brukt i utgreiing av ein tilstand kor signaloverføringa mellom nerve og muskel ikkje fungerer som den skal (for eksempel Myastenia Gravis). Her vert registrert elektriske signaler frå den einskilde fiberen i muskelen ved hjelp av ei spesialprodusert nål.
Vanlegvis vert muskel på underarmen undersøkt, lukkemuskelen til auga eller muskel i panna. Singel fiber EMG kan anten bli gjort på muskel som blir aktivert voluntært ved å strekke fingre / knipe saman auga / heve panna, eller ved å stimulera aktuelle nervar med svært svak straum gjennom nål-elektrodar.
Undersøkinga vert utført av spesialist i klinisk nevrofysiologi.
Kontakt
Gamle hovedbygg
KNF - Klinisk Nevrofysiologi
Ventetid: 12 uker
Ventetid: 12 uker
Kontakt KNF - Klinisk NevrofysiologiOppmøtestad
Vi heldt til i Gamle Hovudbygg sentralt på Haukelandsområdet.Gamle hovedbygg
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen